• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Fakultet for medisin og helsevitenskap (MH)
  • Institutt for klinisk og molekylær medisin
  • View Item
  •   Home
  • Fakultet for medisin og helsevitenskap (MH)
  • Institutt for klinisk og molekylær medisin
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Early Gut Fungal and Bacterial Microbiota in Growth and Allergy-Related Diseases

Schei, Kasper
Doctoral thesis
Thumbnail
View/Open
Fulltext Kasper Schei PhD (5.716Mb)
Kasper Schei (Locked)
URI
https://hdl.handle.net/11250/2757962
Date
2021
Metadata
Show full item record
Collections
  • Institutt for klinisk og molekylær medisin [3830]
Abstract
TIDLEG SOPP- OG BAKTERIEMIKROBIOTA I VEKST OG ALLERGIRELATERTE SJUKDOMMAR BARNETARMFLORA I VEKST- OG ALLERGIUTVIKLING

Det er ikkje tvil om at tarmflora er i vinden for tida. Endeleg har forskarar kunna djupdukke ned i mikrobemiljøet i tarmen, for no har ein fått mye betre metodar å gjere det på. Tarmfloraen er det gløymte organet fordi ein har visst om det lenge, men først dei siste åra har forstått at desse 1-2 kiloa av tarmbakteriar, tarmsoppar og andre tarmmikrobar faktisk påverkar oss.

Til no har ein sett mest på korleis bakteriar i tarmen påverkar oss, men hos dei aller minste barna er dette ikkje fullt utforska. Om tarmsoppen, som berre utgjer ein brøkdel av tarmmikrobane, veit ein enda mindre, og knapt noko hos barn. Denne avhandlinga omfattar tre studiar kor den første har skildra barnesoppfloraen hos barn frå 10 dagar til 2 år og mødrene deira. I studie to og tre har ein sett på om det er samanheng mellom sopp- og bakterieflora hos desse barna, med høvesvis vekstutvikling fram til 9 år og astma- og allergiutvikling fram til 6 år. Vi har analysert resultat frå 298 (studie 1) og 278 barn (studie 2 og 3) og deira mødrer frå ProPACT-studien som vart gjennomført i Trondheim på starten av 2000-talet. Der målte vi mengda sopp- og bakterie-DNA, og vi prøvde å finne ut kva for sopp- og bakterieartar det DNA-et kom frå ved å sekvensere det.

I første studie såg vi at 88 % av mødrer og 56-76 % av barna hadde påviseleg sopp i avføringsprøvene sine. Litt usikkerheit rundt utvinninga av sopp-DNA-et gjer at det kan vere meir. Dessutan hadde barn høgare sjanse for å ha påviseleg tarmsopp om mor hadde det. Den vanlegaste tarmsoppen hos spedbarna var Debaryomyces hansenii, ei mjølkegjær som òg finst i Jarlsberg. Hos dei større barna var brødgjæra vanlegast (Saccharomyces cerevisiae). Vi klarte berre å finne soppartar hos 4 % av barna, som gjer at desse resultata er usikre.

I andre og tredje studie fann vi at toåringane med mye tarmsopp vart høgare mellom 2-9 år, og desse hadde òg høgare sjanse for å utvikle astma og høysnue fram til 6 år. Dessutan fann vi at meir sopp og bakteriar i tarmen hos eittåringar var tynnare første leveåret. Vi har med dette funne ein samanheng, men det tyder ikkje direkte at ein blir høgare og allergisk av å ete ein godt gjæra bolledeig. Ein har likevel føreslått at visse korte feittsyrer og hormon han henge i hop med vekstog astmautviklinga.

Dette er heilt nye eksperimentelle funn som ein treng å stadfeste i nye studiar for å kunne stole fullt på dei. Likevel peiker dei på at tarmfloraen, og særleg tarmsoppen, kan ha innverknad på den utviklande kroppen til barna som veks opp blant oss.
Has parts
Paper 1: Schei, Kasper; Avershina, Ekaterina; Øien, Torbjørn; Rudi, Knut; Follestad, Turid; Salamati, Saideh; Ødegård, Rønnaug. Early gut mycobiota and mother-offspring transfer. Microbiome 2017 ;Volum 5.(1) https://doi.org/10.1186/s40168-017-0319-x This article is distributed under the terms of the Creative Commons Attribution 4.0 International License (CC BY 4.0)

Paper 2: Schei, Kasper; Simpson, Melanie Rae; Avershina, Ekaterina; Rudi, Knut; Øien, Torbjørn; Juliusson, Petur Benedikt; Underhill, David; Salamati, Saideh; Rudi, Knut; Ødegård, Rønnaug. Early gut fungal and bacterial microbiota and childhood growth. Frontiers in pediatrics 2020 ;Volum 8. s. 1-11 https://doi.org/10.3389/fped.2020.572538 This is an open-access article distributed under the terms of the Creative Commons Attribution License (CC BY).

Paper 3: Schei, Kasper; Simpson, Melanie Rae; Øien, Torbjørn; Salamati, Saideh; Rudi, Knut; Ødegård, Astri Rønnaug. Allergy related diseases and early gut fungal and bacterial microbiota in children.
Publisher
NTNU
Series
Doctoral theses at NTNU;2021:204

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit