Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorØdegård, Rønnaug Astri
dc.contributor.advisorSalamati, Saideh
dc.contributor.advisorRudi, Knut
dc.contributor.authorSchei, Kasper
dc.date.accessioned2021-06-04T12:00:19Z
dc.date.available2021-06-04T12:00:19Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.isbn978-82-326-6774-1
dc.identifier.issn2703-8084
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2757962
dc.description.abstractTIDLEG SOPP- OG BAKTERIEMIKROBIOTA I VEKST OG ALLERGIRELATERTE SJUKDOMMAR BARNETARMFLORA I VEKST- OG ALLERGIUTVIKLING Det er ikkje tvil om at tarmflora er i vinden for tida. Endeleg har forskarar kunna djupdukke ned i mikrobemiljøet i tarmen, for no har ein fått mye betre metodar å gjere det på. Tarmfloraen er det gløymte organet fordi ein har visst om det lenge, men først dei siste åra har forstått at desse 1-2 kiloa av tarmbakteriar, tarmsoppar og andre tarmmikrobar faktisk påverkar oss. Til no har ein sett mest på korleis bakteriar i tarmen påverkar oss, men hos dei aller minste barna er dette ikkje fullt utforska. Om tarmsoppen, som berre utgjer ein brøkdel av tarmmikrobane, veit ein enda mindre, og knapt noko hos barn. Denne avhandlinga omfattar tre studiar kor den første har skildra barnesoppfloraen hos barn frå 10 dagar til 2 år og mødrene deira. I studie to og tre har ein sett på om det er samanheng mellom sopp- og bakterieflora hos desse barna, med høvesvis vekstutvikling fram til 9 år og astma- og allergiutvikling fram til 6 år. Vi har analysert resultat frå 298 (studie 1) og 278 barn (studie 2 og 3) og deira mødrer frå ProPACT-studien som vart gjennomført i Trondheim på starten av 2000-talet. Der målte vi mengda sopp- og bakterie-DNA, og vi prøvde å finne ut kva for sopp- og bakterieartar det DNA-et kom frå ved å sekvensere det. I første studie såg vi at 88 % av mødrer og 56-76 % av barna hadde påviseleg sopp i avføringsprøvene sine. Litt usikkerheit rundt utvinninga av sopp-DNA-et gjer at det kan vere meir. Dessutan hadde barn høgare sjanse for å ha påviseleg tarmsopp om mor hadde det. Den vanlegaste tarmsoppen hos spedbarna var Debaryomyces hansenii, ei mjølkegjær som òg finst i Jarlsberg. Hos dei større barna var brødgjæra vanlegast (Saccharomyces cerevisiae). Vi klarte berre å finne soppartar hos 4 % av barna, som gjer at desse resultata er usikre. I andre og tredje studie fann vi at toåringane med mye tarmsopp vart høgare mellom 2-9 år, og desse hadde òg høgare sjanse for å utvikle astma og høysnue fram til 6 år. Dessutan fann vi at meir sopp og bakteriar i tarmen hos eittåringar var tynnare første leveåret. Vi har med dette funne ein samanheng, men det tyder ikkje direkte at ein blir høgare og allergisk av å ete ein godt gjæra bolledeig. Ein har likevel føreslått at visse korte feittsyrer og hormon han henge i hop med vekstog astmautviklinga. Dette er heilt nye eksperimentelle funn som ein treng å stadfeste i nye studiar for å kunne stole fullt på dei. Likevel peiker dei på at tarmfloraen, og særleg tarmsoppen, kan ha innverknad på den utviklande kroppen til barna som veks opp blant oss.en_US
dc.language.isoengen_US
dc.publisherNTNUen_US
dc.relation.ispartofseriesDoctoral theses at NTNU;2021:204
dc.relation.haspartPaper 1: Schei, Kasper; Avershina, Ekaterina; Øien, Torbjørn; Rudi, Knut; Follestad, Turid; Salamati, Saideh; Ødegård, Rønnaug. Early gut mycobiota and mother-offspring transfer. Microbiome 2017 ;Volum 5.(1) https://doi.org/10.1186/s40168-017-0319-x This article is distributed under the terms of the Creative Commons Attribution 4.0 International License (CC BY 4.0)en_US
dc.relation.haspartPaper 2: Schei, Kasper; Simpson, Melanie Rae; Avershina, Ekaterina; Rudi, Knut; Øien, Torbjørn; Juliusson, Petur Benedikt; Underhill, David; Salamati, Saideh; Rudi, Knut; Ødegård, Rønnaug. Early gut fungal and bacterial microbiota and childhood growth. Frontiers in pediatrics 2020 ;Volum 8. s. 1-11 https://doi.org/10.3389/fped.2020.572538 This is an open-access article distributed under the terms of the Creative Commons Attribution License (CC BY).en_US
dc.relation.haspartPaper 3: Schei, Kasper; Simpson, Melanie Rae; Øien, Torbjørn; Salamati, Saideh; Rudi, Knut; Ødegård, Astri Rønnaug. Allergy related diseases and early gut fungal and bacterial microbiota in children.en_US
dc.titleEarly Gut Fungal and Bacterial Microbiota in Growth and Allergy-Related Diseasesen_US
dc.typeDoctoral thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700::Clinical medical disciplines: 750en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel