Show simple item record

dc.contributor.advisorRyeng, Eirin Olaussen
dc.contributor.advisorEkseth, Knut
dc.contributor.authorSlinde, Marius
dc.date.accessioned2015-11-17T15:00:23Z
dc.date.available2015-11-17T15:00:23Z
dc.date.created2015-05-13
dc.date.issued2015
dc.identifierntnudaim:12270
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2360570
dc.description.abstractKombinasjonen av aukande trafikk på dei norske vegane, ynskje om stadig tryggare vegar og at framføring av veg i tunnel oftare og oftare vert føretrekt, gjer at det må forventast å vere aktuelt å plassere planskilte kryss nokså tett på tunnel i stadig aukande grad i Norge. Difor er det viktig at Vegdirektoratet er i forkant og fastset krav om ein viss avstand frå tunnel til slike kryss, dersom dette er naudsynt for å ivareta trafikktryggleiken. Men samstundes er det viktig at det ikkje vert sett unødvendig strenge krav, for å sikre at veganlegg kan planleggast med det som samla sett er den beste løysinga. I denne masteroppgåva har det blitt undersøkt om dagens krav til avstand som seier at det minst skal vere stoppsikt frå tunnel til start på avkøyringsfelt og frå slutten av påkøyringsfelt til tunnel, synst å verke naturlege. For å kunne gjere dette, har det blitt gjennomført ein litteraturstudie der det har blitt undersøkt; 1) kva krav eit utval land stiller til avstanden mellom tunnel og planskilte kryss, og 2) kva vitskaplege litteratur seier om problemstillinga. I tillegg til litteraturstudiet er det også gjennomført ei ulykkesanalyse der det er forsøkt å sjå kva samanheng det er mellom trafikktryggleiken og avstanden som ein har mellom tunnel og planskilte kryss. Denne ulykkesanalysen har vore den sentrale delen av arbeidet med denne oppgåva. Gjennom arbeidet med den fyrste delen av litteraturstudien er det funne at nokre land har krav til plasseringa av planskilte kryss ved tunnel, men dette gjeld langt frå alle. For avkøyringar etter tunnel er det berre Norge, av dei seks undersøkte landa, som har krav til ein slik avstand utifrå trafikktryggleik, men også Sverige og Austerrike, i tillegg til Norge, har krav kva gjeld påkøyringar før tunnel av omsyn til tryggleiken. Den andre delen av litteraturstudien syner at det er eit poeng at inn- og utgangsområda er dei mest ulykkesbelasta i tunnel. Ein del av dei arbeida som er gjort, blant anna eit norskt, samt ulykkesanalysen i denne oppgåva, syner til og med at det skjer fleire ulykker her enn på tilstøytande veg i dagen også. Gjennom eit arbeid der det er sett separat på inn- og utkøyringsområda i toløpstunnelar, har det synt seg at det skjer fleire ulykker ved inn- enn ved utkøyring. Også dette er i samsvar med resultata frå ulykkesanalysen. I litteraturen der det er sett på kva avstand det bør vere mellom tunnel og av- og påkøyringar er det jamt over argumentert for at det bør vere ein viss avstand mellom tunnel og planskilte kryss. Men fordi ein i denne litteraturen i to av tilfella ikkje har sett avstandstilrådinga opp mot korleis denne reelt vil påverke ulykkessituasjonen er det problematisk å legge resultata frå desse til grunn for ein konklusjon i denne oppgåva. Det er også vanskeleg å legge resultata frå det tredje arbeidet til grunn, sidan dette, med unntak av eit kort samandrag på engelsk, er forfatta på kinesisk og det difor ikkje har vore mogeleg å forstå kva som ligg til grunn for dei tilrådingane som dette har. Ulykkesanalysen som er gjennomført har omfatta innsamling av ulykkesdata for situasjonar i Norge med avkøyringar etter tunnel og påkøyringar før tunnel. Det er berekna ulykkesfrekvens og skadekostnad pr. køyretøykilometer samla for området frå og med tunnel, til og med avkøyringar, samt området frå og med påkøyringar, til og med tunnel. Soleis meiner ein å ha med dei ulykkesdataa som kan ha ein samanheng med avstanden mellom tunnel og kryss. Utover dei resultata som alt er nemnt over, syner trendlinjer at det er positivt for ulykkesfrekvensen at avstand mellom tunnel og kryss vert auka. Trendlinjene syner også at skadekostnad ikkje synst å vere avhenigig av avstand mellom tunnel og kryss. Difor er regresjonsanalyse og t-test berre gjort for ulykkesfrekvens. Regresjonsanalysar syner at tendensen til trendlinjene truleg stemmer både for av- og påkøyringssituasjonar, men resultata er eit stykke frå å vere statistisk signifikante. Det er i tillegg til regresjonsanalyse gjennomført t-test. Denne er gjennomført ved å samanlikne grupper av av- og påkøyringssituasjonar der det er mindre enn 10 sekundar avstand mellom av-/påkøyring og tunnel med grupper der avstanden er større enn 10 sekundar. Sjølv om t-testen heller ikkje gjev statistisk signifikante resultat, så syner resultata at det truleg stemmer at ulykkesfrekvensen er lægre når avstanden er større enn 10 sekundar enn om den er mindre, spesielt for påkøyringssituasjonar. Elles gir t-testen som resultat at gruppa av data med større avstand enn 10 sekundar berre har om lag halvparten så stor ulykkesfrekvens som gruppa med mindre avstand enn 10 sekundar for både av- og påkøyringar. Når resultata frå t-testane skal tolkast må ein vere forsiktig med å anta at det er reelt med ein så stor reduksjon i ulykkesfrekvensen. For det fyrste tek ikkje t-test omsyn til at observert ulykkesfrekvens eventuelt avvik frå den ulykkesfrekvensen ein ville oppnådd dersom talet på køyretøykilometer hadde vore så stort at observert ulykkesfrekvens er på eit «normalisert» nivå. I tillegg tek ikkje t-test omsyn til at observasjonane ligg i ulik avstand frå tunnelmunning. I regresjonsanalysane er det siste teke omsyn til og regresjonsanalysen sin motstand mot data som avvik frå hovudmønsteret i observasjonane gjer at ein også har teke omsyn til det fyrste i ei viss grad. Den samla vurderinga etter ulykkesanalysen er difor at det er sannsynleg at auka avstand reduserer talet på ulykker noko, men at eit krav på 10 sekundar neppe vil halvere ulykkesfrekvensen. Resultata frå litteraturstudien og ulykkesanalysen har hatt fokus på ulykkessituasjonen på hovudveg, men det er viktig å ikkje gløyme at hovudvegen er del av eit vegsystem. Dette har blitt vektlagt i drøftinga av resultata og konklusjonen til denne oppgåva. For å klare å gjere vegtrafikken stadig tryggare er det viktig å tenke heilskapleg på ulykkessituasjonen og at planlegginga leiar fram til dei beste totalløysingane. Ved å stille krav om ein minste avstand mellom kryss og tunnel fordi dette kan gjere situasjonen på hovudvegen betre, kan ein risikere at til dømes utforming av kryss eller sidevegnett vert slik at risikoen aukar og at den samla ulykkessituasjonen vert dårlegare enn kva den kunne blitt om krysset hadde blitt plassert nærare tunnel. Etter arbeidet med denne oppgåva har underteikna konkludert med at det ikkje bør stillast krav om ein minste avstand mellom tunnel og planskilte kryss, men at ein i staden må legge opp til at å komme fram til kva som er den beste løysinga i kvar enkelt situasjon. I prosessane med å finne fram til nettopp dette er eitt viktig moment som planleggarane må ha med seg at ulykkesfrekvesenen er høgare ved inn- og utkøyring av tunnel enn elles. I denne samanhengen kan det utnderstrekast at det, som ved planlegging elles, er viktig at ein arbeider på eit slikt vis at planane faktisk inneheld dei beste løysingane. Kva gjeld det å få eit eit tryggast mogeleg vegsystem er det dessutan viktig at trafikktryggleik i aukgande grad vert vektlagt når det skal gjerast val mellom ulike alternativ til løysingar som alle har sine ulike fordelar og ulemper. 
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectErfaringsbasert masterprogram i veg og jernbane, Veg
dc.titleKva har avstanden mellom planskilte kryss og tunnel å seie for trafikktryggleiken?
dc.typeMaster thesis
dc.source.pagenumber53


Files in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record