Frå fjell til fjellheim
Description
Full text not available
Abstract
Det finst mange fine fjell i verda, og Noreg er slett ikkje det einaste landet med flott fjellnatur. Likevel tenkjer ein at fjell er typisk norsk, og at fjella er ein del av den norske identiteten. Dette har forundra meg, og eg byrja å fundere på om litteraturen kunne ha noko med dette å gjere. Då eg presenterte ideen om å undersøke det nærare i eit litteraturvitskapeleg perspektiv, tenkte eg at det kom til å bli avskrive med det same. Det var svært motiverande då det motsette skjedde, og fleire viste seg å dele nysgjerrigheita mi. Eg vil derfor først og fremst takke Frode Lerum Boasson, for å ha gitt motiverande og god rettleiing frå start til slutt. Utan dei nyttige tilbakemeldingane og den smittsame entusiasmen hadde eg nok ikkje kome i hamn. Eg vil òg takke mitt kjære kollektiv for gode kveldar og støtte gjennom heile semesteret. Det har alltid vore hyggeleg å kome heim etter lange dagar på ulike typar lesesalar (les: kaffibarar), og det er på grunn av dykk. Foreldra mine fortener òg ein stor takk for stødig oppmuntring gjennom studieløpet generelt, og masterinnspurten spesielt. Alle telefonsamtaler og heimturar har gitt meg ekstra energi når det har gått litt trått. Det går ein felles takk til alle som har sagt seg viljuge til å lese gjennom oppgåva og kome med tilbakemeldingar som både har motivert og forbetra oppgåva. I tillegg vil eg takke alle medstudentar for sparring, fellespausar og for å ha gjort masterskrivinga meir sosial.