“Not as boring as I thought”: Possibilities and challenges of an exploratory approach to grammar in teacher education
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3116350Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for lærerutdanning [3811]
- Publikasjoner fra CRIStin - NTNU [38679]
Sammendrag
I denne artikkelen skildrar og diskuterer vi utforminga og gjennomføringa av eit utforskande undervisingsopplegg i grammatikk for lærarstudentar. Tradisjonell grammatikkundervising er typisk assosiert med ei normativ og deduktiv tilnærming. Med vårt undervisingsopplegg ønska vi i staden å gjere grammatikkundervisinga meir utforskande og deskriptiv ved å la studentane ta utgangspunkt i sin eigen intuitive språk i møte med konkrete språklege data. Opplegget vart gjennomført i to studentgrupper (grunnskulelærarutdanning og vidareutdanning) ved NTNU, og grunnlaget for drøftinga er studentane sine svar på ei spørjeundersøking og dessutan observasjonar frå gjennomføringa. I undervisingsøktene observerte vi at studentane var engasjerte, og i spørjeundersøkinga skildrar studentane opplegget som morosamt og lærerikt. Studentane rapporterer at dei sit att med eit godt fagleg utbytte, og dei ser potensial for ei utforskande tilnærming til grammatikk i eigne klasserom. Å sjå seg sjølv og elevane som språk(ut)forskarar var eit nytt og nyttig perspektiv for mange. Utfordringane ved opplegget knyt seg både til faginnhaldet og til metoden i seg sjølv. Fleire studentar opplever oppgåvene som utfordrande og dei etterlyser meir instruksjon. Fagleg kompetanse og tryggleik blir avgjerande både i eiga utforsking og når lærar(student)ane skal gjennomføre og støtte elevar i utforskande arbeid seinare. Vi argumenterer for at ei utforskande tilnærming skaper ein undervisingssituasjon der studentane opplever relevans, kompetanse og meistring i arbeidet med grammatikk. Samtidig må opplegget vidareutviklast for å imøtekome både dei faglege og dei metodiske utfordringane.