dc.contributor.author | Riksem, Brita Ramsevik | |
dc.contributor.author | Knudsen, Cecilie Slinning | |
dc.date.accessioned | 2024-02-08T10:23:55Z | |
dc.date.available | 2024-02-08T10:23:55Z | |
dc.date.created | 2024-01-05T08:57:41Z | |
dc.date.issued | 2023 | |
dc.identifier.citation | Acta Didactica Norden (ADNO). 2023, 17 (4), . | en_US |
dc.identifier.issn | 2535-8219 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3116350 | |
dc.description.abstract | I denne artikkelen skildrar og diskuterer vi utforminga og gjennomføringa av eit utforskande undervisingsopplegg i grammatikk for lærarstudentar. Tradisjonell grammatikkundervising er typisk assosiert med ei normativ og deduktiv tilnærming. Med vårt undervisingsopplegg ønska vi i staden å gjere grammatikkundervisinga meir utforskande og deskriptiv ved å la studentane ta utgangspunkt i sin eigen intuitive språk i møte med konkrete språklege data. Opplegget vart gjennomført i to studentgrupper (grunnskulelærarutdanning og vidareutdanning) ved NTNU, og grunnlaget for drøftinga er studentane sine svar på ei spørjeundersøking og dessutan observasjonar frå gjennomføringa. I undervisingsøktene observerte vi at studentane var engasjerte, og i spørjeundersøkinga skildrar studentane opplegget som morosamt og lærerikt. Studentane rapporterer at dei sit att med eit godt fagleg utbytte, og dei ser potensial for ei utforskande tilnærming til grammatikk i eigne klasserom. Å sjå seg sjølv og elevane som språk(ut)forskarar var eit nytt og nyttig perspektiv for mange. Utfordringane ved opplegget knyt seg både til faginnhaldet og til metoden i seg sjølv. Fleire studentar opplever oppgåvene som utfordrande og dei etterlyser meir instruksjon. Fagleg kompetanse og tryggleik blir avgjerande både i eiga utforsking og når lærar(student)ane skal gjennomføre og støtte elevar i utforskande arbeid seinare. Vi argumenterer for at ei utforskande tilnærming skaper ein undervisingssituasjon der studentane opplever relevans, kompetanse og meistring i arbeidet med grammatikk. Samtidig må opplegget vidareutviklast for å imøtekome både dei faglege og dei metodiske utfordringane. | en_US |
dc.language.iso | eng | en_US |
dc.publisher | Tidsskriftet | en_US |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.title | “Not as boring as I thought”: Possibilities and challenges of an exploratory approach to grammar in teacher education | en_US |
dc.title.alternative | “Not as boring as I thought”: Possibilities and challenges of an exploratory approach to grammar in teacher education | en_US |
dc.title.alternative | «Ikke så kjedelig som jeg trodde»: Mogelegheiter og utfordringar ved ei utforskande tilnærming til grammatikk for lærarstudentar | en_US |
dc.type | Peer reviewed | en_US |
dc.type | Journal article | en_US |
dc.description.version | publishedVersion | en_US |
dc.source.volume | 17 | en_US |
dc.source.journal | Acta Didactica Norden (ADNO) | en_US |
dc.source.issue | 4 | en_US |
dc.identifier.doi | 10.5617/adno.9809 | |
dc.identifier.cristin | 2221041 | |
cristin.ispublished | true | |
cristin.fulltext | original | |
cristin.qualitycode | 1 | |