Branntryggleik i eit berekraftsperspektiv - Med fokus på rehabilitering av bygningsmassen og ombruk av bygningskomponentar
Abstract
Korleis skal branntryggleiken oppretthaldast og forbetrast, utan at det bidreg til utslepp og forverrar klimakrisa? Finnast det potensiale til meir effektiv førebygging av brann, prosjektering av nye tiltak for branntryggleik og utbetring av eksisterande tiltak? Med fokus på rehabiliteringsprosjekt og ombruk av bygningskomponentar utforskar oppgåva korleis brannrådgiving og branntryggleik kan bidra positivt i kampen mot klimakrisa. Alle dimensjonane av berekraft, både miljø, den sosiale og den økonomiske, er essensielle for at desse tiltaka skal fungere i det lange laupet.Gjennom to delmål prøvar oppgåva å legge til rette for meir berekraftig prosjektering av branntryggleik. Det første målet testar metoden Holistic Fire Safety(HFS), altså heilskapleg kartlegging av branntryggleik. Gjennom utprøving og analyse av kartleggingsmetoden, er resultat frå kasusstudie og oppbygginga av metoden diskutert opp mot berekraftsmål og nasjonale retningslinjer. Det andre delmålet utforskar branntryggleiksbarreirar kring rehabilitering og ombruk. Risikoar, fordelar og effektivisering av ombruk kjem fram gjennom litteratur. Bør ombruk implementerast i risikoanalysar, og korleis? For å svare på deloppgåvene nyttast i hovudsak ulike kvalitative forskingsmetodar. Gjennom eit kasusstudie, dokumentanalyse og litteraturstudium hentast relevant informasjon ut. Gjennom standardar og regelverk er det eit grunnlag for korleis risiko klassifiserast, materialar sine eigenskapar og kva som er eit akseptabelt sikkerheitsnivå. Det eksistera preaksepterte løysingar for vanlege byggjeteknikkar og bygningar, som skal gje tilstrekkeleg tryggleik mot brann. Utover det prosjekterast sikkerheita mot eit ytingskrav, som også skal gje tilstrekkeleg branntryggleik, men som krev kalkulasjonar eller anna dokumentasjon. Metoden for heilskapleg branntryggleiksstrategi vert utvikla for å gje eit større perspektiv på prosjektering. Det basera seg på ein åttedels risikoindeks som samanliknast med minimumsnivået for sikkerheit. Differansar avdekkjer anten sikkerheitsavvik eller ein overdimensjonert sikkerheitsfaktor. Konsekvensane av utilstrekkeleg branntryggleik er omfattande i alle aspekt av berekraft. Risikoanalyse må difor stå sentralt for å kunne avgjere kvar det kan vere aktuelt å kutte forbruk, og dermed tryggleikstiltak til fordel for berekraft. Andre gonger hevdast det at regelverket står i vegen for å ta berekraftige val. Utan å forsømme logikk og erfaringsgrunnlag for minimumskrava som er satt i regelverka, må det skapast rom for nye løysingar. Heilskapleg kartlegging branntryggleik kan gje betre oversyn over strategiar brukt, om kompenserande tiltak er effektive eller irrelevante. Med noko tilpassing, betre rettleiing og fokus på brukarvennleg utforming kan det bli eit nyttig verktøy. Å unngå at byggverk brenn ned er berekraftig for klima, økonomien og det sosiale, men ikkje til ein kvar kostnad. Optimalisering av branntryggleikstiltak kan gje økonomisk vinning og klimagevinst, samstundes som at tryggleiken det skapar gjev sosiale gevinstar. Ombruk og rehabilitering bør vere hovudfokus i byggenæringa framover, det eksistera ikkje nok ressursar til å halde fram utbygging med lineær produksjon og økonomi. Branntryggleik vil krevje resertifisering og tilstandsrapportering av materialar og bygningar før dei kan gjenbrukas. Saman med konstruksjonssikkerheit vil det altså sette nokre krav, grensar og krevje omvegar i somme tilfelle. How should fire safety be maintained and improved, without further contributions to climate change? Are there more efficient methods to prevent fire, while revising existing fire safety measures or designing new ones? While focusing on rehabilitation and reuse of buildings and materials, the thesis explores how the fire safety community can improve in terms of sustainability. All dimensions of sustainability; the social, economic, and environmental aspect must be considered. Trough two separate goals of study, the main objective is to make sustainable fire engineering manageable. The first part is figuring out if the method of Holistic Fire Safety (HFS), a risk indexed method, is possible to apply to engineering based on the Norwegian guidelines. Trough mapping and analyzing the method, results from the case-project and the structure of the method is discussed, with sustainability in mind.The second goal is to assess barriers prohibiting reuse and rehabilitation, within fire safety. Risks and benefits of reuse is found trough literature on similar studies and pilot projects. If and how this should be implemented in fire risk analysis is discussed. Qualitative research methods of literature studies, document analysis and a case study are used to gather information to answer questions, leading up to the main objective. It is trough standards and laws/legislation that the baseline for all fire engineering is made up. How risk is calculated, how materials are tested and documented and what is an acceptable level of security when it comes to risk of fire. There are existing solutions that are pre accepted, for standard buildings and materials. Performance based solutions can be used on non-standardized buildings or parts of the constructions or measures. This must ensure the same safety level, fire engineers use calculations and other tools to document this. Holistic Fire Safety was developed to zoom out and set measures into perspective, while being flexible and easy to apply to all situations. It is based on eight areas of risk and safety measures, that are sorted in a way that should reveal weaknesses when the user compares measures with the baseline. The consequences of inadequate fire safety can impact all dimensions of sustainability. Risk analysis is therefore essential when it comes to considering reducing measures, in terms of reducing the use of resources. Other times it may be strict frames of law that hinders use of innovative solutions. HFS may work as a reassurance, if skepticism occurs when engineers choose solutions that are not pre accepted. With some adaption, further guidance and made more user friendly – HFS can become a handy tool.Avoiding fires is also avoiding emissions of greenhouse gases, in addition to avoiding economic and social losses. Fire safety measures is therefore sustainable, but to what extent? An optimal fire safety strategy does not use extensive resources, but provides a sufficient safety level, sufficient being the keyword. Reuse should be in focus, to reduce resources needed and turning the production chain from linear to circular. Alongside construction safety - fire safety will require recertification, research, and guides on how to classify used materials and existing buildings.