Skrivarane og essayet: Ein studie av fire elevar på Vg3 som skriv og samtalar om essay
Master thesis
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3900]
Abstract
Denne studien gjer ei kvalitativ undersøking av fire elevar på Vg3 som skriv og samtalarom essay. Gjennom analysar av ei skriveoppgåve, fire essay og fire tekstsamtalarstuderer eg korleis arbeidet med norskfagleg essayskriving gir elevane moglegheiter til åutfalde seg som skrivarar.Med LK20 kom sjangrane tilbake, og elevar på Vg3 skal no skrive essay som utforskar ogreflekterer over innhald i tekstar (Kunnskapsdepartementet, 2019, s. 14). Essayet erogså ein eksamenssjanger, og som eit ledd i fagfornyinga er tilhøvet mellom innhaldet ikompetansemåla og det som blir prøvd til eksamen styrkt (Utdanningsdirektoratet,2021a, s. 3). I dette ligg det at eksamensoppgåvene kan få ein konkretiserande funksjonsom gir rammer til ein elles open sjanger. Spørsmålet er om dette kan gå på akkord medpotensialet essaysjangeren har til å femne om ein heilskapleg norskfaglegtekstkompetanse som rommar både identitets- og danningsoppdraget så vel som kulturog kunnskapsdimensjonen i morsmålsfaget (Kunnskapsdepartementet, 2019, s. 2). Ogkva for spelerom får eigentleg skrivaren i møte med sjangeren?
Problemstillinga for studien er: Korleis trer fire elevar i den vidaregåande skulen framsom skrivarar gjennom fire essay og tekstsamtalar?
Skrivarane svarar på ei essayoppgåve som imiterer ordlyden i eksamensoppgåvene somblir gitt våren 2023, og funna frå analysane gir både didaktiske og utdanningspolitiskeimplikasjonar. Funna og erfaringane frå studien viser at skrivarane ikkje oppleverskriveoppgåva sine vedlagte tekstar som relevante. Trass i at dei forstår og kjennerdesse godt, blir arbeidet med desse nedprioriterte til fordel for ulike sjølvvaldekulturreferansar. Måten elevane omgår tekstvedlegga på peikar seg ut ei paradoks, sidanbruken av tekstvedlegga har til hensikt å måle skrivarane si leseforståing. Skrivaranegrunngjev slike val med opplevinga av subjektiv relevans, og trer fram sominteressestyrte, men samstundes sofistikerte og engasjerte skrivarar. Gjennom detteviser dei ein brei tekstkompetanse og evne til å delta i ulike kulturelle diskursar ognyttiggjere seg av eit mangfald av kulturuttrykk i skrivearbeidet sitt. Dette reiserspørsmål ved det faglege utbyttet av å pålegge skrivarane å utforske og reflektere overgitte norskfaglege tekstar. Desse funna gir grunnlag for å drøfte om ein med eieksamensnær forståing av essayskriving i den vidaregåande skulen risikerer å ikkjeanerkjenne personlege aspekt ved essayarbeidet. Studien min viser at det er nettopp erdette som får skrivarane til å blomstre. Argumenta for å sleppe fram- og verdsetjeskrivaren sitt prosjekt ligg i overordna målsetjingar om danning og identitetsutvikling inorskplanane og i den personlege essaysjangeren sin særart. This master thesis conducts a qualitative study of how senior students in Norwegianupper secondary school write and discuss essays. Through analyses of a writingassignment, four essays and four text-based conversations, I examine how the practiceof essay writing provides opportunities for students to develop as writers.With the introduction of the new National Curriculum LK20, genres made a comeback.Students are now required to write essays that explore and reflect upon the content ofother texts (Kunnskapsdepartementet, 2019, p. 14). The essay is also an examinationgenre, and as part of the reform, the relationship between the content of competencegoals and the competence that is tested in exams has been strengthened(Utdanningsdirektoratet, 2021a, p. 3). This suggests that examination tasks can serve aconcretizing function that provides structure to an otherwise open genre. The questionarises whether this can conflict with the potential for encompassing a broad textcompetence, accomodating both identity, cultural and knowledge related values anddimensions in the Norwegian subject (Kunnskapsdepartementet, 2019, p. 2). How canthe essay genre facilitate students personal as well as educational self-realization?
The main research question is: How do four upper secondary school students emerge aswriters through four essays and text conversations?
The writers in this study respond to an essay task that resembles the wordings of theexam task for the essay genre in the spring of 2023, and the findings from the analysesgive both didactic and educational policy implications. This study shows that the writerstend to not find the texts attached to the writing task personally relevant. Despite theirunderstanding and familiarity with these, they are deprioritized in favor of various selfselected cultural references. The way they avoid the attached texts highlights a paradox,given that the texts are intended to measure reading comprehension. The writers justifysuch choices with perceived subjective relevance, and they emerge as interest-driven yetsophisticated and engaged writers. Through this, they demonstrate a broad textcompetence and the ability to participate in various cultural discourses through adiversity of cultural expressions. This raises questions about the benefit of requiringwriters to explore and reflect on pre-selected texts. This study implies that examoriented understandings of essay writing in upper secondary school risks notacknowledging personal aspects of essay work. My study finds that it is these elementsthat enable the writers to unfold. The arguments for allowing and valuing the writersproject can be found in the overarching goals of the Norwegian subject regarding identityand cultural education as well as the distinctiveness of the personal essay genre.