dc.contributor.advisor | Solheim, Randi | |
dc.contributor.author | Betten, Christina | |
dc.date.accessioned | 2023-08-17T17:19:49Z | |
dc.date.available | 2023-08-17T17:19:49Z | |
dc.date.issued | 2023 | |
dc.identifier | no.ntnu:inspera:138899452:73671632 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3084661 | |
dc.description.abstract | Denne studien gjer ei kvalitativ undersøking av fire elevar på Vg3 som skriv og samtalar
om essay. Gjennom analysar av ei skriveoppgåve, fire essay og fire tekstsamtalar
studerer eg korleis arbeidet med norskfagleg essayskriving gir elevane moglegheiter til å
utfalde seg som skrivarar.
Med LK20 kom sjangrane tilbake, og elevar på Vg3 skal no skrive essay som utforskar og
reflekterer over innhald i tekstar (Kunnskapsdepartementet, 2019, s. 14). Essayet er
også ein eksamenssjanger, og som eit ledd i fagfornyinga er tilhøvet mellom innhaldet i
kompetansemåla og det som blir prøvd til eksamen styrkt (Utdanningsdirektoratet,
2021a, s. 3). I dette ligg det at eksamensoppgåvene kan få ein konkretiserande funksjon
som gir rammer til ein elles open sjanger. Spørsmålet er om dette kan gå på akkord med
potensialet essaysjangeren har til å femne om ein heilskapleg norskfagleg
tekstkompetanse som rommar både identitets- og danningsoppdraget så vel som kulturog kunnskapsdimensjonen i morsmålsfaget (Kunnskapsdepartementet, 2019, s. 2). Og
kva for spelerom får eigentleg skrivaren i møte med sjangeren?
Problemstillinga for studien er: Korleis trer fire elevar i den vidaregåande skulen fram
som skrivarar gjennom fire essay og tekstsamtalar?
Skrivarane svarar på ei essayoppgåve som imiterer ordlyden i eksamensoppgåvene som
blir gitt våren 2023, og funna frå analysane gir både didaktiske og utdanningspolitiske
implikasjonar. Funna og erfaringane frå studien viser at skrivarane ikkje opplever
skriveoppgåva sine vedlagte tekstar som relevante. Trass i at dei forstår og kjenner
desse godt, blir arbeidet med desse nedprioriterte til fordel for ulike sjølvvalde
kulturreferansar. Måten elevane omgår tekstvedlegga på peikar seg ut ei paradoks, sidan
bruken av tekstvedlegga har til hensikt å måle skrivarane si leseforståing. Skrivarane
grunngjev slike val med opplevinga av subjektiv relevans, og trer fram som
interessestyrte, men samstundes sofistikerte og engasjerte skrivarar. Gjennom dette
viser dei ein brei tekstkompetanse og evne til å delta i ulike kulturelle diskursar og
nyttiggjere seg av eit mangfald av kulturuttrykk i skrivearbeidet sitt. Dette reiser
spørsmål ved det faglege utbyttet av å pålegge skrivarane å utforske og reflektere over
gitte norskfaglege tekstar. Desse funna gir grunnlag for å drøfte om ein med ei
eksamensnær forståing av essayskriving i den vidaregåande skulen risikerer å ikkje
anerkjenne personlege aspekt ved essayarbeidet. Studien min viser at det er nettopp er
dette som får skrivarane til å blomstre. Argumenta for å sleppe fram- og verdsetjeskrivaren sitt prosjekt ligg i overordna målsetjingar om danning og identitetsutvikling i
norskplanane og i den personlege essaysjangeren sin særart. | |
dc.description.abstract | This master thesis conducts a qualitative study of how senior students in Norwegian
upper secondary school write and discuss essays. Through analyses of a writing
assignment, four essays and four text-based conversations, I examine how the practice
of essay writing provides opportunities for students to develop as writers.
With the introduction of the new National Curriculum LK20, genres made a comeback.
Students are now required to write essays that explore and reflect upon the content of
other texts (Kunnskapsdepartementet, 2019, p. 14). The essay is also an examination
genre, and as part of the reform, the relationship between the content of competence
goals and the competence that is tested in exams has been strengthened
(Utdanningsdirektoratet, 2021a, p. 3). This suggests that examination tasks can serve a
concretizing function that provides structure to an otherwise open genre. The question
arises whether this can conflict with the potential for encompassing a broad text
competence, accomodating both identity, cultural and knowledge related values and
dimensions in the Norwegian subject (Kunnskapsdepartementet, 2019, p. 2). How can
the essay genre facilitate students personal as well as educational self-realization?
The main research question is: How do four upper secondary school students emerge as
writers through four essays and text conversations?
The writers in this study respond to an essay task that resembles the wordings of the
exam task for the essay genre in the spring of 2023, and the findings from the analyses
give both didactic and educational policy implications. This study shows that the writers
tend to not find the texts attached to the writing task personally relevant. Despite their
understanding and familiarity with these, they are deprioritized in favor of various selfselected cultural references. The way they avoid the attached texts highlights a paradox,
given that the texts are intended to measure reading comprehension. The writers justify
such choices with perceived subjective relevance, and they emerge as interest-driven yet
sophisticated and engaged writers. Through this, they demonstrate a broad text
competence and the ability to participate in various cultural discourses through a
diversity of cultural expressions. This raises questions about the benefit of requiring
writers to explore and reflect on pre-selected texts. This study implies that examoriented understandings of essay writing in upper secondary school risks not
acknowledging personal aspects of essay work. My study finds that it is these elements
that enable the writers to unfold. The arguments for allowing and valuing the writers
project can be found in the overarching goals of the Norwegian subject regarding identity
and cultural education as well as the distinctiveness of the personal essay genre. | |
dc.language | nno | |
dc.publisher | NTNU | |
dc.title | Skrivarane og essayet: Ein studie av fire elevar på Vg3 som skriv og samtalar om essay | |
dc.type | Master thesis | |