Kunsten å vere empatisk Ein studie av korleis eit utval elevar på 9. trinn sine empatiske evner kjem til uttrykk i skjønnlitterær skriving
Master thesis
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3816]
Abstract
Denne masteroppgåva undersøker korleis elevane sine empatiske evner kan kome til uttrykk i skjønnlitterær skriving. Studien er ei innhaldsanalyse av elevane sine dagbøker, med utgangspunkt i novella Kunsten å myrde av Cora Sandel (1935). Målet var å studere korleis elevane skriv seg inn i perspektivet til karakteren Germaine og hennar oppleving av dei rundt ho, og deretter undersøke kva dette seier om elevane sine empatiske evner i tolking av novella. Studien kan seiast å vere ei norskfagleg, hermeneutisk oppgåve, der det foregår ei kvalitativ innhaldsanalyse med nærlesing som metode. Bakgrunnen for studien er eit ønske om å ta fatt i norskfaget sine tverrfaglege tema; demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring. Fokus er på korleis litteratur og skriving kan nyttast for å utvikle forståing for andre og deira perspektiv (Utdanningsdirektoratet, 2019, s. 3). Dette har fått utspring i problemstillinga: Korleis kan elevane sine empatiske evner kome til uttrykk i skjønnlitterær skriving?
Masterprosjektet er skrive innanfor rammene til PRANO-prosjektet ved NTNU. PRANO-gruppa utvikla eit undervisingsopplegget som innebar litterære samtalar og ulike kreative arbeidsmåtar, der mitt prosjekt hovudsakleg handlar om skrivinga. Opplegget vart gjennomført på ein heil 9. klasse, men eg har valt å bygge forskinga mi på fire utvalde dagbøker frå den skjønnlitterære skrivinga. I analysen og ei fortløpande drøfting har eg sett tolkingane i lys av relevant teori. Her har eg sett på korleis litteratur kan invitere til å utvikle empatiske evner, kva val av litteratur vil ha å seie og korleis skriving kan invitere eleven til å sjå andre sine perspektiv. Til saman er dette med på å skape ei heilheitleg oversikt over det overordna målet for prosjektet.
Funna frå analysen tyder på at elevane på mange måtar meistrar å syne empatiske evner i den skjønnlitterære skrivinga av den fiktive karakteren Germaine. Analysen avdekker at elevane skildrar karakteren sitt emosjonelle liv, gjennom å skrive om både kjensler, handling og livssituasjon. Skildringane som elevane skriv syner at dei nytter sine narrative førestillingsevner til å setje seg inn i karakteren, og det kjem fram fleire empatiske evner i desse skildringane. Elevane viser også evne til å tolke ulike tomme rom i ein utfordrande tekst som og byr på motstand. Dette syner evne til sjølvstende og individuell tolking. Samtidig viser forskinga at mykje av tolkingane er gjennomgåande i fleire dagbøker. Dette kan tyde på at den lærarstyrte litterære samtalen og dei ulike førskrivingsaktivitetane er vesentlege for at elevane klarer å opne teksten og få ei heilheitleg forståing av handlinga i novella. Forskinga syner at den skjønnlitterære skrivinga kan vere ein måte for elevane å setje seg inn i ein annan sitt perspektiv på, og at det kan bidra til å utvikle elevane som empatiske medmenneske. This master research how students' empathy can be expressed in creative writing. The study is a content analysis of students' diaries, focusing on their interpretations of the novella Kunsten å myrde of Cora Sandel (1935). The aim was to study how students write from the perspective of the character Germaine and her perception of those around her, and then to investigate what this says about the students' empathic abilities in interpreting the novella. The study is a part of Norwegian studies, employing a hermeneutic approach, where qualitative content analysis is conducted, and the method is a close reading. The background for the study is a desire to address the interdisciplinary themes of Democracy and citizenship and Health and life skills, which focus on how literature and writing can be used to develop an understanding of others and themselves perspectives (Utdanningsdirektoratet, 2019, s. 3). This has given rise to the research question: How can students empathic abilities be expressed in creative writing?
The master project is part of a larger project at NTNU called the PRANO project. My PRANO group designed a teaching plan. We first did literary discussions and then various creative working methods, where my project primarily focused on the writing. Even though the whole class participated, I based my research on four selected diaries from creative writing. I have viewed the interpretations using relevant theory in the analysis and ongoing discussion. I looked at how literature can invite the reader to develop empathic abilities, how the choice of literature can impact this, and how writing can invite the student to see others' perspectives. The goal was to provide a detailed understanding of the project’s main aim.
The findings from the analysis show that students can express empathy in their creative writing of the fictional character Germaine. The study reveals that students depict the characters' emotional life by writing about feelings, actions and life situations. The students' descriptions show that they use their imaginative narrative abilities to put themselves in the character's position, which was reflected in their depictions. Students also demonstrate the ability to interpret gaps in a challenging text that offers resistance, showing a level of independent thought. At the same time, many of the interpretations are consistent in several of the diaries. This may suggest that the teacher-led literary discussions and the various pre-writing activities played an important role in opening the text and understanding the action in the novella. Overall, this study shows that creative writing can be a way for students to put themselves in others' perspectives and contribute to developing students as empathic individuals.