Administrering av lystgass til born ved smertefulle prosedyrar - Sjukepleiarar sine erfaringar
Description
Full text not available
Abstract
Samandrag
Bakgrunn: Å gi lystgassbehandling til born som skal gjennomgå milde til moderate smertefulle/ubehagelege prosedyrar har vist seg å redusere redsel, ubehag og smerte. Gassen kan hjelpe born å meistre prosedyrar samt sørgje for gjennomføring av prosedyrar utan tvang eller halding. Ut frå søka som har vore gjennomført, er det ikkje funne studiar som omhandlar sjukepleiarar sine erfaringar med å gi lystgass til born ved smertefulle prosedyrar. Dermed rettast det i denne masteroppgåva merksemd mot sjukepleiarar sine praksiserfaringar.
Hensikt: Å auke kunnskap og betre forståing for sjukepleiarar sine erfaringar med å administrere lystgass til born ved smertefulle prosedyrar.
Metode: Deskriptivt design med individuelle intervju med fem sjukepleiarar som administrerer lystgassbehandling ved smertefulle prosedyrar til born. Data blei samla inn i perioden februar til april 2022 ved to lokalsjukehus, geografisk spreidt i landet. Intervjua blei analysert med Kvale og Brinkmann si femtrinnsanalyse.
Resultat: Hovudfunna er knytt til sjukepleiarane som erfarte at lystgass var eit godt hjelpemiddel til bruk under smertefulle prosedyrar til born. Dei erfarte ikkje berre at arbeidskvardagen blei mindre belastande grunna reduksjon av makt og tvang, men og at borna kom seg styrka igjennom prosedyrar med stoltheit og meistring. Sjukepleiarane uttrykte entusiasme og tryggleik i administrering av dette behandlingsalternativet, og dei opplev god fagleg støtte og deling av erfaringar både internt på avdeling og på tvers av fleire sjukehus.
Konklusjon: Deltakarane i studien erfarer at bruk av lystgass har ført til redusert bruk av tvang og at borna meistrar smertefulle prosedyrar betre, då redsel og smerte ofte kan potenserer kvarandre. Sjukepleiarar opplever at den pågåande kunnskapsdelinga dei har seg i mellom bidreg til ein trygg og meiningsfull arbeidskvardag. I tillegg erfarer dei at arbeidskvardagen har blitt mindre belastande. Meir kvalitativ forsking innanfor same tema er sakna, i tillegg til studiar som ser på barnets og foreldra sine erfaringar. Abstract
Background: Nitrous oxide during brief but painful minor paediatric procedures has showed to reduce patients’ pain, distress and anxiety. Nitrous oxide can help children to master procedures and ensure that procedures are carried out without coercion or restraint. On these bases of existing knowledge, there are no studies found that discusses nurses’ experience with administrating the nitrous oxide procedure. Therefore, in this master’s thesis attention is directed towards the valuable practical experience of nurses.
Aim: Based on the above, a qualitative study was designed for the purpose to shed light on nurses’ experience with administrating nitrous oxide to children during painful procedures.
Method: A descriptive design with individual interviews with five nurses who administer nitrous oxide during painful procedures on children. Data was collected in the period February to April 2022 at two local hospitals, geographically spread across Norway. The interviews were analyzed using Kvale and Brinkmann’s five-step analysis.
Result: The main findings are linked to the nurses who experienced that nitrous oxide was a helpful aid during painful procedures for children. They not only experienced that their workday became less burdensome due to the reduction of coercion and force, but also the fact that children got through the procedures with pride and mastery. Participants also talked warmly about vast professional support and shared experiences both at the departments and across hospitals.
Conclusion: The participants experience that use of nitrous oxide has led to reduced coercion and children mastering painful procedures, as fear and pain can potentiate each other. Nurses feel that the ongoing knowledge sharing between them, contributes to a safe and meaningful workday. They also talk of a less burdensome working day. More qualitative research is lacking, as well as studies that look at the child’s and parents’ experiences.