Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorGrothe-Hammer, Michael
dc.contributor.authorVemøy, Hallstein
dc.date.accessioned2022-12-08T18:19:13Z
dc.date.available2022-12-08T18:19:13Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.ntnu:inspera:118905027:37081734
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3036871
dc.description.abstractTeknologigigantane Apple, Google og Meta/Facebook har i meir enn eit tiår utfordra både posisjonen og den sosiale rolla til mediebransjen verda over. Framveksten av nye aktørar har auka behovet for omstilling og innovasjon. Organisasjonar søker nye strukturar eller samarbeidsformer for å vere i betre stand til å møte dei raske endringane. Denne oppgåva undersøker slike strukturelle endringar i mediekonsernet NRK, med vekt på kva mellomleiarar opplever som sentrale utfordringar ved fleksibiliseringa og korleis dei handterer desse. Formålet har vore å få meir innsikt i og auka bevisstheit om mellomleiarrolla i ein kompleks organisasjon som NRK. Temaet blir belyst gjennom fokusgruppeintervju med 14 mellomleiarar frå ulike avdelingar og divisjonar i NRK, og sett opp mot sentrale teoriar innan organisasjon, leiing og samarbeid. Forklaringar på utfordringar ved fleksible organisasjonsformer er gitt med utgangspunkt i kompleksitetsteori og ein analytisk modell blir presentert for å vise moglege samanhengar mellom kompleksitet og leiarform. Nokre hovudfunn er at strukturell og kulturell kompleksitet ser ut til å auke med graden av fleksibilisering i organisasjonen. For organisasjonen og mellomleiarane spesielt, inneber fleksibiliseringa behov for meir informasjon, koordinasjon og kommunikasjon mellom ulike miljø og nivå. Ulike samarbeidsformer internt i NRK og mot eksterne aktørar aukar kompleksiteten for mellomleiarane ytterlegare. Fleksibiliseringa fordrar også tydelegare prioriteringar på operativt og strategisk nivå. Mellomleiarane handterer kompleksiteten gjennom leiarformer prega av tillit, medverknad, motivasjon og tilrettelegging. Å vektlegge faktorane oversikt, openheit og kommunikasjon i organisasjonen er føreslått for å gjere mellomleiarrolla meir handterbar.
dc.description.abstractThe technology giants Apple, Google and Meta/Facebook have for more than a decade challenged both the position and the social role of the media industry worldwide. The emergence of new players has increased the need for restructuring and innovation. Organizations are looking for new structures or forms of cooperation to be better able to meet the rapid changes. This paper examines such structural changes in the media group NRK, with an emphasis on what middle managers experience as central challenges in flexibilisation and how they handle these. The purpose has been to gain more insight into and increase awareness of the middle management role in a complex organization such as NRK. The topic is illuminated through focus group interviews with 14 middle managers from various departments and divisions at NRK, and compared to central theories within organisation, management and collaboration. Explanations of the challenges of flexible organizational forms are given based on complexity theory and an analytical model is presented to show possible connections between complexity and leadership style. Some main findings are that structural and cultural complexity seems to increase with the degree of flexibility in the organisation. For the organization and middle managers in particular, flexibility means a need for more information, coordination and communication between different environments and levels. Different forms of collaboration within NRK and with external actors further increase the complexity for the middle managers. Flexibility also requires clearer priorities at operational and strategic level. The middle managers handle the complexity through forms of leadership characterized by trust, participation, motivation and facilitation. Emphasizing the factors overview, openness and communication in the organization is suggested to make the role of middle manager more manageable.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleFleksibilitetens kompleksitet. Mellomleiarrolla i komplekse organisasjonar - ein casestudie av NRK.
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel