Ulstein IAS Simulator
Abstract
Ulstein IAS(Integrert automasjonssystem) simulator er eit produkt utvikla som eit verktøy
for fabrikktesting(FAT) av Ulstein IAS. Simulatoren vil vere med på å kvalitetssikre det
ferdige IAS produktet til Ulstein. På dagens FAT er det delar av systemet som ikkje kan
testast på grunn av manglande verktøy. Ved å ta i bruk Ulstein IAS simulator vil Ulstein
også kunne teste disse systema, og dermed avdekke eventuelle feil på eit tidlegare
tidspunkt. Ulstein IAS simulator er ei hovudoppgåve hjå Høgskolen i Ålesund og er
utvikla i samarbeid med Ulstein Power & Control.
Simulatoren er programmert i Java og tek føre seg fire delsystem: MRU, tankpeiling,
pumpe og testing av analoge og digitale IO. Brukargrensesnittet til simulatoren oppretta i
ei GUI (Graphical user interface) ramme som er inndelt i faner, der kvart delsystem har si
fane. Dette gjer systemet oversiktleg og enkelt å ta i bruk. MRU-simulatoren skal simulere
skipets rørsle ved generering av sinuskurver. Tankpeiling-simulatoren gir ut volumet av
veska i tanken og kompenserar for rørsla til skipet. Med pumpe-simulatoren kan ein
simulere tre forskjellige type pumper. Pumpe med ei hastigheit, pumpe med to hastigheiter
og frekvensstyrt pumpe. Simulatoren for testing av analoge og digitale I/O er sett opp for
funksjonstesting av I/O.
Ulstein IAS simulator er programmert for å enkelt kunne utvidast eller legge til simulatorar
for fleire delsystem. Kvart delsystem er programmert som sjølvstendige system, og
deretter lagt til som faner i sjølve simulatoren. Simulatoren opererer i sanntid og er
programmert som eit multitrådsystem. Simulatoren er knytt opp mot ein Wago kontroller
med tilhøyrande analoge og digitale IOar. MRU-simulator som gir ut informasjon via
seriellkommunikasjon på NMEA 0183- og EM3000-protokoll. Mellom Java-applikasjon
og kontroller kommuniserast det ved bruk av Modbus-TCP.