Eit forsøk på å tale naturens stemme - Ei økokritisk lesing av tre dikt frå Tarjei Vesaas’ siste diktsamling Liv ved straumen
Abstract
Denne masteroppgåva utforskar tre dikt frå Tarjei Vesaas’ siste diktsamling Liv ved straumen(1970) sett i eit økokritisk perspektiv. Eit overordna mål er å fremme lyrikken til Vesaas som eit viktig bidrag, både innanfor det vesaaske forfattarskapet, og innanfor den økokritiske diskursen på eit meir generelt plan. Det gjennomgåande temaet er det komplekse naturbildet som kjem til syne i dikta. Oppgåva undersøker korleis naturbildet markerer seg som ei motsetning mellom ideen om menneskeleg foreining med natur, og ideen om menneskeleg separasjon frå natur. Denne motsetninga blir utforska i tre konkrete dikt frå samlinga: diktet «Sommarsvevn», titteldiktet «Liv ved straumen», og avslutningsdiktet «Nattleg vind». Nærlesingane av desse tre viser korleis det motsetningsfylte naturbildet manifesterer seg både innanfor dei enkelte dikta, og i ei samanlikning mellom dei.
Oppgåva konkluderer med at naturbildet i lyrikken til Vesaas verken endar i ei einsidig optimistisk foreining med natur, ei heller i ein klar pessimistisk separasjon frå natur. I staden ber dikta med seg dei kontrasterande trekka fram til siste slutt, og fremmar på denne måten verdien av ulike naturbilde som blir representert i dei ulike økokritiske retningane. Diktaløftar fram behovet for å opne seg for naturen og søke kontakt med denne. Samtidig stiller deiseg kritisk bevisst til dei menneskelege avgrensingane, noko som gjer oss merksame på atmennesket aldri kan bli ein fullstendig del av naturen. This master thesis explores three poems by Tarjei Vesaas’ last collection of poems Liv ved straumen (1970) in an ecocritical perspective. An overarching goal is to highlight Vesaas’ lyrical poetry as an important contribution, both within the vesaasian authorship, and within the ecocritical discourse as a whole. The theme throughout is the complexity of nature as depicted in the poems. The thesis explores how nature depicted through Vesaas, is markedly juxtaposed between the idea of human unification with nature, and the idea of human separation from nature. This juxtaposition is explored through three selected poems from the collection: The poem “Sommarsvevn”, the title poem “Liv ved Straumen”, and the final poem in the collection “Nattleg vind”. Close readings of these three shows how the juxtaposed view of nature manifests both within the individual poems, and in a comparison between them.
The thesis concludes that the depiction of nature in Vesaas’ lyric poetry does not end either in a one-sided optimistic union with nature, neither a clear pessimistic separation from nature. Instead, the poems invite the contrasting viewpoints along to the end, and highlights in this way the value of both depictions as is presented in each of the alternative ecocritical schools of thought. The poems showcase the need for opening up to nature and seek contact with it. At the same time, they’re critically aware of the human limitations, which reminds us that humanity may never completely become part of nature.