Oljeeventyr eller klimakrise?
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2784958Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for lærerutdanning [3403]
Sammendrag
Denne oppgåva undersøker framstillinga av den norske olje- og gassnæringa i fem lærebøker for ungdomstrinnet i samfunnsfag. Problemstillinga er: kva samfunnsbilde av olje- og gassnæringa i Noreg presenterer eit utval lærebøker frå 2006 og 2020, og i kva grad kan ein plassera disse i forhold til miljødiskursane til John Dryzek? Dette har eg forsøkt å svara på ved å bruka diskursanalyse. Gjennom ei induktiv og deduktiv tilnærming har eg først identifisert samfunnsbilde i lærebøkene, og drøfta dei mot miljødiskursane til John Dryzek. I analysen finn eg at alle bøkene presenterer både positive og negative sider ved olje- og gassutvinning. Likevel er det forskjell i kva samfunnsbilde av petroleumsverksemda som blir presentert. Kosmos 10 og Matriks 8 er bøkene med mest fokus på dei gunstige økonomiske fordelane, mens bøkene etter LK20 i størst grad framhevar dualiteten. I forhold til Dryzek sine idealdiskursar er bøkene er hovudsakleg orientert mot det moderate og saksorienterte, men både Arena 8 og Samfunnsfag 8 har visjonære trekk. Det vil si at problemløysingsdiskursen pregar totalt sett, mens berekraftdiskursen er meir framtredande i dei nyaste lærebøkene