Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorKlomsten, Anne Torhild
dc.contributor.authorAhlin, Line Kristin
dc.date.accessioned2021-09-28T17:39:45Z
dc.date.available2021-09-28T17:39:45Z
dc.date.issued2020
dc.identifierno.ntnu:inspera:55104421:36547303
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2784711
dc.description.abstractDenne studien har intensjon om å rette søkelyset mot lærarrolla i eit psykisk helsefremjande perspektiv. Med fagfornyinga og implementeringa av det tverrfaglege kjerneelementet folkehelse og livsmeistring som bakteppe, søker studien å belyse korleis lærarar opplever eiga rolle og profesjon som ein ressurs i arbeidet retta mot psykisk helse. Problemstillinga «På korleis måte kan læraren vera ein ressursperson i det psykisk helsefremjande arbeidet retta mot ungdom?» er formulert med forankring i eit stort omfang unge menneske i ungdomsalder som opplever psykiske utfordringar. Eit omfang som vidare har bidrege til å rette større merksemd mot førebyggjande psykisk helsearbeid i norsk skulesektor. Med det kommande læreplanverket hausten 2020 og implementeringa av folkehelse og livsmeistring vert eit større fokus på psykisk helse ein realitet i den norske grunnopplæringa. Dette med hensikt om å førebu elevar i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa på menneskeliv og samfunnsliv. Problemstillinga og studien vil belysast gjennom følgjande forskingsspørsmål: «På korleis måte opplever lærarar deira rolle som ein ressurs i det psykisk helsefremjande arbeidet retta mot ungdom?» Med forankring i overordna problemstilling og formulert forskingsspørsmål er studien basert på ei kvalitativ metodisk tilnærming og vidare gjennomført i tråd med det kvalitative forskingsintervjuet. Studiens empiri tek utgangspunkt i tre vidaregåandelærarars opplevingar knytt til lærarrolla i møte med psykisk helsefremjande arbeid. Informantane er tilsette ved ein vidaregåande skule i Noreg som under gjennomføringa av denne studien har vore involvert i ein psykisk helse-intervensjon. Ein intervensjon i form av eit pilotprosjekt i forkant av den kommande læreplanen. Studiens sentrale funn indikerer lærarar som opplever lærarrolla som ressurssterk i eit psykisk helsefremjande perspektiv, men at lærarrollas potensiale også må sjåast i lys av avgrensingar tilknytt kapasitet, rolle og kompetanse. For det første opplever lærarane store moglegheiter i arbeidet med å etablere trygge relasjonar og eit trygt, godt og tillitsfullt psykososialt miljø der elevane kan utfolde- og utvikle seg sjølv. For det andre belyser også lærarane korleis læraren innehar ei sentral informativ rolle i arbeidet med å gi elevane den kunnskapen som trengst for å meistre liv og samfunnsliv. Ei rolle som mellom anna gir læraren moglegheiter til å nytte sin fagspesifikke kompetanse som utgangspunkt, også i tilknyting til implementeringa av FoL. Sentralt i denne kunnskapsformidlinga står også ei oppgåve om å gi elevane eit språk for tematikken. Eit omgrepsapparat som kan hjelpe eleven med å uttrykke seg om tematikken på generelt grunnlag samt også om tankar, behov og kjensler. Eit viktig aspekt ved lærarrolla omhandlar også i følgje studien lærarens moglegheiter til å fange opp psykiske helseplager blant ungdom. Funnet viser at læraren er eit viktig bindeledd mellom elevane og dei eksterne aktørane i det psykisk helsefremjande arbeidet. Nøkkelord: Skule, vidaregåande skule, psykisk helse, livsmeistring, helsefremjande skular, lærarrolla, lærar-elev-relasjonen
dc.description.abstractBased on findings from a qualitative method approach, using the qualitative interview as a research instrument, this study seek to explore how Norwegian teachers in the upper secondary school experience their role and profession as a resource in a health promoting perspective; How can teachers be a resource in promoting youths mental health? How do teachers experience their role as a resource in promoting youths mental health? The questions raised in this study are based on high statistics of mental challenges among children, adolescents and youths and in addition – an increasing focus on mental health in the Norwegian educational system. The study will therefore be explored in the context of the upcoming curriculum Fagfornyinga 2020 and the implementation of the interdisciplinary topic health and life skills. The empiricism is based on three teachers from an upper secondary school in Norway as during this research has been involved in a mental health-intervention taking place at the current school. An intervention in form of a trial in advance of the upcoming curriculum. Findings in this study indicate that teachers have a great potential in a health promoting perspective, but that the teacher as a resource person still needs to be seen in light of the barriers related to the professions capacity, role and competence. Key findings show us how the teachers in this study experience the student-teacher-relationship and the creation of a safe, warm and a trustingly school environment as highly effective for both well-being and social- and academic learning. Secondly findings also clarify the teacher role as informative in a health promoting perspective. This in the form of giving pupils the sufficient competence and knowledge they need to successfully master both human- and community life. For example, through their formal competence and subject expertise, as well as in association with the implementation of health and life-skills. The pupil’s language is an important aspect in this context. This in form of a vocabulary helping them express thoughts, needs and feelings. Lastly the teachers in this study also emphasize the teacher role as highly relevant in the work of understanding the youth and identify mental health issues. In this case, teachers are also important links between youths and the external support system. Keywords: school, high school, mental health, life-skills, health promoting schools, teacher role, teacher-student relationship
dc.language
dc.publisherNTNU
dc.titleLæraren som ressurs - Ein kvalitativ studie retta mot læraren som ressurs i eit psykisk helsefremjande perspektiv
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel