Show simple item record

dc.contributor.advisorHjelseth, Eilif
dc.contributor.authorVagstad, Øyvind
dc.date.accessioned2021-09-20T16:18:03Z
dc.date.available2021-09-20T16:18:03Z
dc.date.issued2020
dc.identifierno.ntnu:inspera:57484576:35324454
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2779441
dc.description.abstractByggherren Nye Veier AS har mål om å bygge trafikksikre hovudvegar raskt og effektivt, og å få mest mogleg ny veg ut av tildelte økonomiske rammer. Dette skal dei mellom anna gjere ved digitalisering av verksemda. Nye Veier stiller derfor vesentleg høgare krav til BIM enn det som tidlegare har vore vanleg i vegprosjekt. Dei omfattande krava som stillast til BIM, har ført til innovasjonar og utvikling. Krava som stillast kan og vere dyre for prosjekta, og det er ikkje avdekka tidlegare forsking på konsekvensane av å stille dei høge krava til BIM. Samspelsentreprisar med tidleginvolvering av entreprenør er relativt nytt innan vegprosjekt, og det er ikkje avdekka tidlegare forsking som omhandlar krav til BIM i slike entreprisar. Det finnast derfor eit forskingshol knytt til konsekvensar av krav til BIM i slike entreprisar. Problemstillinga for masteroppgåva er å finne konsekvensar av krav byggherren stiller til BIM, i vegprosjekt utført som samspelsentreprisar med tidleginvolvering av entreprenør. Det skal og vurderast om det er grunnlag for å foreslå endring av krava som stillast, basert på funna i oppgåva. Denne oppgåva er ein innleiande og kvalitativ studie, som omhandlar konsekvensar av byggherren sine krav til BIM. Studien er utført med hovudfokus på vurdering av lønsemda til krav, både frå eit prosjekt- og samfunnsøkonomisk perspektiv. Oppgåva svarar på følgande forskingsspørsmål: • Kva for krav stillast til BIM? • Kva er konsekvensane av krava som stillast til BIM? For å svare på forskingsspørsmåla, er det utført case-studiar av tre vegprosjekt. For kvart prosjekt er det utført dokumentstudie av kontraktsdokument, og semistrukturerte intervju med ein representant frå kvar av aktørane. Nye Veier er byggherren i alle prosjekta, og prosjekta er utført som samspelsentreprisar med tidleginvolvering av entreprenør. Resultata av dokumentstudien viser kva for krav som stillast til BIM i dei tre prosjekta, og dei semistrukturerte intervjua avdekker fleire konsekvensar av krava. Desse konsekvensane blir diskutert saman med nokre observasjonar frå dokumentstudiet, og resultatet er tre konsekvensar av krava som stillast til BIM: • Auka/redusert lønsemd • Auka innovasjon • Investeringar i utstyr og kompetanse Oppgåva konkluderer med at det er avdekka tre konsekvensar av krava som stillast til BIM, og at diskusjonen og analysane kan brukast til å foreslå fire konkrete endringar for Nye Veier sine krav til BIM, i framtidas prosjekt. Dei to første forslaga går ut på at balansen mellom predefinerte og prosessdefinerte krav bør gå i retning av fleire prosessdefinerte krav, og at dette bør gjerast gjennom kontinuerleg forbetring og erfaringsdeling. Det tredje forslaget er at dei predefinerte krava, som avgrensar dei prosessdefinerte krava, bør fjernast. Det siste forslaget er at enkelte krav bør detaljerast meir, eller beskrivast på ein annan måte, for at dei skal gi den ønska funksjonen.
dc.description.abstractThe public owner and operator, Nye Veier AS, aims to build traffic-safe main roads quickly and efficiently, and get the most value out of the allocated financial framework. They will do this, among other things, by digitizing the industry. Nye Veier therefore impose significantly higher requirements for BIM, than previously used in road projects. These requirements have led to innovations and development, but the requirements can also be expensive for the projects, and no previous research has been uncovered regarding the consequences of setting the high requirements for BIM. Interaction contracts with early contractor involvement are relatively new in road projects, and no previous research has been uncovered that addresses BIM requirements in such contracts. Thus, there is a research gap linked to the consequences of requirements for BIM, in such contracts. The research topic for the master's thesis is to find the consequences of the requirements Nye Veier sets for BIM, in road projects carried out as interaction contracts with early contractor involvement. It will also be evaluated whether there are reasons for suggesting changes to the requirements, based on findings in the project. This thesis is an initial and qualitative study, about the consequences of requirements for BIM. The study was conducted with a focus on assessing profitability for requirements, both from a project perspective and a socio-economic perspective. The thesis answers the following research questions: • What are the requirements for BIM? • What are the consequences of the BIM requirements? To answer the research questions, three case-studies of road projects were conducted, and all the projects were interaction contracts with early contractor involvement. In all projects, a document study of contract documents was conducted, and semi-structured interviews with representatives from each of the actors in the projects were also conducted. Nye Veier is the owner and operator of all three projects. The result of the document study presents the BIM-requirements in all three projects, and the semi-structured interviews reveal several consequences of the BIM-requirements. These consequences are discussed together with observations from the document study, and the result is three main consequences of the BIM-requirements: • Increased / decreased profitability • Increased innovation • Investment in equipment and expertise The thesis concludes that three consequences of the BIM-requirements have been uncovered, and that the discussion and analysis can be used to propose four concrete changes for Nye Veier's BIM-requirements in future projects. The first two proposals are that the balance between pre-defined and process-defined requirements should move towards several process-defined requirements, and this should be done through continuous improvement and experience sharing. The third proposal is that the pre-defined requirements, which delineate the process-defined requirements, should be removed. The last suggestion is that some requirements should be more detailed, or described in a different way, to give them the desired function.
dc.language
dc.publisherNTNU
dc.titleKonsekvensar av krav til BIM i vegprosjekt
dc.typeMaster thesis


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record