Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorNilsen, Trond Risto
dc.contributor.authorLajord, Christer
dc.date.accessioned2020-11-10T13:39:16Z
dc.date.available2020-11-10T13:39:16Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2687174
dc.description.abstractDenne oppgåva søkjer å undersøkje kva konseptuelt grunnlag samisk utdanningspolitikk har blitt tufta på gjennom ein analyse av eit utval offentlege dokument: Stortingsmelding nr. 21 (1962/63), NOU 1980: 59 «samisk i grunnskulen» og NOU 1985:14 «samisk kultur og utdanning. I tillegg vert eit utval utdanningspolitiske dokument frå tidsrommet 1963-1994 med opphav i sentrale aktørar innan samisk utdanning og utdanningspolitikk, hovudsakleg samisk utdanningsråd, analysert. Ved hjelp av kritisk diskursanalyse vert desse tekstane analysert med blikk for kva dei representerer som særskild samisk og korleis dette særskild samiske eventuelt vert gjort gjeldande i samband med samisk utdanningspolitikk. I tillegg vert det set fokus på korleis samisk utdanning og samisk utdanningspolitikk vert representert i tekstane. Til sist vert det òg sett på kva som vert set på spel og forhandla innan samisk utdanningspolitikk i. Oppgåva peiker på at sentrale diskursar i forståinga av det særskild samiske er likestilling i tekstane tidleg i materialet og kultur i seinare tekstar. Desse diskursane ser òg ut til å påverka oppfatningar av utdanning, men i varierande grad og med varierande resultat. Diskursive oppfatningar av det samiske vert i samband med utdanningspolitikk på ulike måtar set i relasjon til diskursar om likestilling og likeverd i dei offentlege dokumenta, der likeverd på ulike måtar konseptualisert i samanheng med fagleg læring. I sær vert det identifisert diskursive forhandlingar kring rett til samiskopplæring.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNTNUen_US
dc.titleLikeverdige utdanningsmuligheter - Ein diskursanalytisk studie av trekk i samisk utdanningspolitikk 1963 til 1994en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel