Likeverdige utdanningsmuligheter - Ein diskursanalytisk studie av trekk i samisk utdanningspolitikk 1963 til 1994
Master thesis

View/ Open
Date
2017Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3291]
Abstract
Denne oppgåva søkjer å undersøkje kva konseptuelt grunnlag samisk utdanningspolitikk har blitt tufta på gjennom ein analyse av eit utval offentlege dokument: Stortingsmelding nr. 21 (1962/63), NOU 1980: 59 «samisk i grunnskulen» og NOU 1985:14 «samisk kultur og utdanning. I tillegg vert eit utval utdanningspolitiske dokument frå tidsrommet 1963-1994 med opphav i sentrale aktørar innan samisk utdanning og utdanningspolitikk, hovudsakleg samisk utdanningsråd, analysert. Ved hjelp av kritisk diskursanalyse vert desse tekstane analysert med blikk for kva dei representerer som særskild samisk og korleis dette særskild samiske eventuelt vert gjort gjeldande i samband med samisk utdanningspolitikk. I tillegg vert det set fokus på korleis samisk utdanning og samisk utdanningspolitikk vert representert i tekstane. Til sist vert det òg sett på kva som vert set på spel og forhandla innan samisk utdanningspolitikk i. Oppgåva peiker på at sentrale diskursar i forståinga av det særskild samiske er likestilling i tekstane tidleg i materialet og kultur i seinare tekstar. Desse diskursane ser òg ut til å påverka oppfatningar av utdanning, men i varierande grad og med varierande resultat. Diskursive oppfatningar av det samiske vert i samband med utdanningspolitikk på ulike måtar set i relasjon til diskursar om likestilling og likeverd i dei offentlege dokumenta, der likeverd på ulike måtar konseptualisert i samanheng med fagleg læring. I sær vert det identifisert diskursive forhandlingar kring rett til samiskopplæring.