Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAune, Guronb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:18:23Z
dc.date.available2014-12-19T14:18:23Z
dc.date.created2012-03-02nb_NO
dc.date.issued2011nb_NO
dc.identifier507125nb_NO
dc.identifier.isbn978-82-471-2418-Xnb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/263493
dc.description.abstractKliniske, patologiske og molekylære studiar av eggstokk-kreft Rundt 450 norske kvinner får diagnosen eggstokk-kreft kvart år. Prognosen er dårleg, med ei fem års overleving på rundt 40 %. Når sjukdomen blir oppdaga i tidleg stadium, er prognosen nokså god, og rundt 90 % lever fem år etter at dei fekk diagnosen. Men i avansert stadium, der sjukdomen har spreidd seg, er det berre om lag 20 % av kvinnene som er i live etter fem år. Diverre har over to tredjedelar av kvinnene avansert sjukdom når diagnosen blir stilt. For å betre utsiktene for kvinner som får eggstokk-kreft, må det derfor bli lettare å diagnostisere sjukdomen på eit tidlig stadium. I tillegg må behandlinga som blir gitt etter at diagnosen er stilt, bli betre. I denne avhandlinga presenterer vi fire studiar der vi har undersøkt kliniske, patologiske og molekylære sider ved eggstokk-kreft. Tidlegare studiar har vist at kvinner med eggstokk-kreft i avansert stadium lever lenger om dei blir operert av ein spesialist i onkologisk gynekologi på eit universitetssjukehus. Dette var bakgrunnen for at sentralisert kirurgi for eggstokk-kreft vart innført i Helseregion IV i Norge i 1995, der kvinner ein mistenker kan ha eggstokk-kreft, skal bli sendt til St.Olavs hospital for primæroperasjon. Vi har i dette arbeidet undersøkt korleis denne sentraliseringsmodellen fungerer i praksis. I ein femårsperiode mellom 2000 og 2005 fann vi at sentraliseringsmodellen fungerer tilfredsstillande for kvinner med avansert eggstokk-kreft. Heile 84 % av kvinnene med eggstokk-kreft vart operert ved universitetssjukehuset i perioden, og 16 % ved lokalsjukehusa. I tillegg fann vi at færre av kvinnene som var primæroperert ved universitetssjukehuset hadde behov for reoperasjon. Ein måte å identifisere eggstokk-kreft i tidleg stadium på, kan vere ved hjelp av spesifikke markørar i blod. Vi har i dette arbeidet målt ei rekkje potensielle kreftmarkørar i blod hos kvinner med antatt eggstokk-kreft. I ein studie fann vi at kvinner med eggstokk-kreft hadde høgare verdiar av sirkulerande hepatocyte growth factor (HGF) enn kvinner med godarta og såkalla borderline-svulstar i eggstokkane. Vi fann også at serum HGF kan ha ein prognostisk verdi hos kvinner med avansert eggstokk-kreft. I ein annan studie fann vi at kvinner med eggstokk-kreft hadde høgare serumverdiar av interleukin-8 (IL-8) og plasminogen avtivator inhibitor-1 (PAI-1) enn kvinner med godarta svulstar, og at dei var positivt korrelert til HGF i serum hos kvinner med svulstar i eggstokkane. I tillegg fann vi at sirkulerande mengder IL-8 hadde ein prognostisk verdi hos kvinner med eggstokk-kreft. Studiar av prognostiske markørar i svulstvev kan vere verdifulle i utviklinga av meir målretta behandling av eggstokk-kreft. Med immunhistokjemiske analysar har vi i dette arbeidet funne at analyse av proliferasjonsmarkørane Ki-67/MIB-1, phosphorylated histone H3 (PHH3) og survivin kan bidra til å identifisere aggressive svulstar.nb_NO
dc.languageengnb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det medisinske fakultet, Institutt for kreftforskning og molekylær medisinnb_NO
dc.relation.ispartofseriesDoktoravhandlinger ved NTNU, 1503-8181; 2011:26nb_NO
dc.relation.ispartofseriesDissertations at the Faculty of Medicine, 0805-7680; 528nb_NO
dc.titleClinical, Pathological, and Molecular Classification of Ovarian Carcinomanb_NO
dc.typeDoctoral thesisnb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det medisinske fakultet, Institutt for kreftforskning og molekylær medisinnb_NO
dc.description.degreePhD i molekylærmedisinnb_NO
dc.description.degreePhD in Molecular Medicineen_GB


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel