Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorStrømskag, Heidi
dc.contributor.authorAune, Marie Stavang
dc.date.accessioned2019-09-11T11:19:36Z
dc.date.created2018-05-31
dc.date.issued2018
dc.identifierntnudaim:18382
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2616037
dc.description.abstractMålet med denne masteroppgåva er å kartleggje kva for samanheng det er mellom elevar på studieprogrammet Bygg- og Anleggsteknikk sine haldningar til matematikk og deira matematiske forståing av matematikk i ulike kontekstar. Dei to forskingsspørsmåla for studien er: «Kva for skilnader, om nokon, er det i den matematiske forståinga elevar på Bygg- og Anleggsteknikk viser i løysing av matematikkoppgåver med matematiske formuleringar kontra matematikkoppgåver med yrkesretta formuleringar?» og «Kva for haldningar har elevar på Bygg- og Anleggsteknikk til matematikk?». Svara på desse spørsmåla kan bidra til ei forståing av forholdet mellom haldningar til, og forståing av, matematikk i ulike kontekstar. Litteraturbakgrunnen for studien består av forsking på meiningsfull matematikk for yrkesfagelevar, matematisk forståing og haldningar til matematikk. Studien som er gjort er ein casestudie av 22 elevar i første klasse på Bygg- og Anleggsteknikk. Desse elevane har svart på to ulike oppgåvesett, eit oppgåvesett kor matematikkoppgåvene har yrkesretta formuleringar, og eit oppgåvesett kor matematikkoppgåvene har «reine» matematiske formuleringar. I tillegg har elevane svart på eit essay-spørjeskjema som har som mål å kartleggje elevane sine haldningar til matematikkfaget. Datamaterialet er analysert ved bruk av tematisk koding. Resultata viser at det er skilnader i den matematiske forståinga elevane viser i møte med ulike oppgåvetypar. I dei matematiske oppgåvene viser elevane ei instrumentell forståing for matematikk, medan i dei yrkesretta oppgåvene viser dei meir ei relasjonell forståing for matematikk. Skilnaden i forståinga dei viser i oppgåvene viser seg også i haldningane til elevane: elevar med negative haldningar til matematikk ser på matematisk forståing som instrumentell forståing, medan elevar med positive haldningar til matematikk ser på matematisk forståing som relasjonell forståing. Likevel viser resultata at elevane har ulike haldningar ut i frå kva for type matematikk dei vert presentert for. Elevane har generelt ei positiv haldning til matematikk når matematikken er yrkesretta eller praktisk undervist, men dei generelt har ei negativ haldning til den tradisjonelle skulematematikken.nb_NO
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectLektorutdanning i realfag for trinn 8 -13, Matematikk og kjemien
dc.titleYrkesfagelevar og matematikk - Ein studie av elevar på Bygg- og Anleggsteknikk sine haldningar til matematikkfaget, og deira matematiske forståing av yrkesretta og tradisjonell matematikknb_NO
dc.title.alternativeVocational Pupils and Mathematics - A study of Building and Construction Pupils' Attitudes towards Mathematics, and their Mathematical Understanding of Vocational and Traditional Mathematics.en
dc.typeMaster thesisen
dc.source.pagenumber88
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk,Institutt for matematiske fagnb_NO
dc.date.embargoenddate10000-01-01


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel