Yrkesfagelevar og matematikk - Ein studie av elevar på Bygg- og Anleggsteknikk sine haldningar til matematikkfaget, og deira matematiske forståing av yrkesretta og tradisjonell matematikk
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2616037Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Målet med denne masteroppgåva er å kartleggje kva for samanheng det er mellom elevar på studieprogrammet Bygg- og Anleggsteknikk sine haldningar til matematikk og deira matematiske forståing av matematikk i ulike kontekstar. Dei to forskingsspørsmåla for studien er: «Kva for skilnader, om nokon, er det i den matematiske forståinga elevar på Bygg- og Anleggsteknikk viser i løysing av matematikkoppgåver med matematiske formuleringar kontra matematikkoppgåver med yrkesretta formuleringar?» og «Kva for haldningar har elevar på Bygg- og Anleggsteknikk til matematikk?». Svara på desse spørsmåla kan bidra til ei forståing av forholdet mellom haldningar til, og forståing av, matematikk i ulike kontekstar. Litteraturbakgrunnen for studien består av forsking på meiningsfull matematikk for yrkesfagelevar, matematisk forståing og haldningar til matematikk.
Studien som er gjort er ein casestudie av 22 elevar i første klasse på Bygg- og Anleggsteknikk. Desse elevane har svart på to ulike oppgåvesett, eit oppgåvesett kor matematikkoppgåvene har yrkesretta formuleringar, og eit oppgåvesett kor matematikkoppgåvene har «reine» matematiske formuleringar. I tillegg har elevane svart på eit essay-spørjeskjema som har som mål å kartleggje elevane sine haldningar til matematikkfaget. Datamaterialet er analysert ved bruk av tematisk koding.
Resultata viser at det er skilnader i den matematiske forståinga elevane viser i møte med ulike oppgåvetypar. I dei matematiske oppgåvene viser elevane ei instrumentell forståing for matematikk, medan i dei yrkesretta oppgåvene viser dei meir ei relasjonell forståing for matematikk. Skilnaden i forståinga dei viser i oppgåvene viser seg også i haldningane til elevane: elevar med negative haldningar til matematikk ser på matematisk forståing som instrumentell forståing, medan elevar med positive haldningar til matematikk ser på matematisk forståing som relasjonell forståing. Likevel viser resultata at elevane har ulike haldningar ut i frå kva for type matematikk dei vert presentert for. Elevane har generelt ei positiv haldning til matematikk når matematikken er yrkesretta eller praktisk undervist, men dei generelt har ei negativ haldning til den tradisjonelle skulematematikken.