Bruk av georadar til tilstandskontroll av berg bak tunnelkvelv
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2614665Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I etterkant av at 200 m3 med stein raste frå henget i Hanekleivtunnelen i 2006, skjerpa Statens vegvesen krava sine til kontroll av bergstabiliteten. Alle tunnelar må no inspiserast med jamne mellomrom, for å sjå om bergoverflata har endra seg. Det er likevel problematisk å få undersøkt bergoverflata, sidan den ofte er kledd att med prefabrikkerte vass- og frostsikringskvelv. Etter at det i 2016 også blei slutt på å byggje tunnelar som var tilrettelagde for manuell inspeksjon bak vass- og frostsikringskvelvet, måtte undersøkingane gjerast frå trafikkrommet. Denne masteroppgåva undersøker difor om georadar kan vere ein ikkje-destruktiv inspeksjonsmåte for bergmassa bak kvelvet, utført frå trafikkrommet.
Ei georadar-antenne sender elektromagnetisk energi inn i materialet som skal undersøkast. Energien forplantar seg vidare inn i materialet, men delar av energien blir reflektert attende til antenna når den treff eit skilje i materialeigenskapane. Georadaren brukar denne reflekterte bølgeenergien til å danne eit profil, eit bilete på korleis det "usynlege" materialetser ut. Ei georadarantenne vart i dette forsøket ført langs tunnelkvelvet, og undersøkte ei stripe av tunnelveggen tre gonger. Ein totalstasjon logga posisjonen til antenna undervegs. Frå tolkeprofilet blei avstanden frå kvelvet og inn til bergoverflata tolka. Ved å kombinere posisjonsdataa frå totalstasjonen med avstanden inn til berg fekk bergoverflata eigne posisjonskoordinatar. Den tredje undersøkinga var av best kvalitet, og blei difor sett som referanseverdi når det skulle reknast avvik mellom tolkingane. Avviket blei på 4,43 % for runde 1, og 4,83 % for runde 2. Dette er låge avvik, og dei forskjellane som oppstod kom på grunn av uroingar frå leiande materiale i tunnelen.
Metoden er framleis i utviklingsfasen, og kan ikkje implementerast før vidare arbeid er gjort. Det må etablerast eit erfaringsgrunnlag, slik at ein kan skilje hendelege tolkeavvik frå reelle, alvorlege endringar i bergmassa. Det bør i tillegg etablerast ein database, som lagrar data frå tidlegare undersøkingar, og dermed kan brukast som samanlikningsgrunnlag for nye undersøkingar.
Frå denne forskinga er det klart at georadar har eit stort potensial som berginspeksjonsmetode i tunnelar der bergoverflata ligg gøymt bak vass- og frostsikringa. Undersøkingane viste, trass uroingar i datamaterialet, georadaren si emne til å samle repeterbar informasjon om posisjonen til bergoverflata. Forskinga viste òg at totalstasjon og georadar saman kan tileigne bergoverflata eigne koordinatar, noko som kan gjere det lettare å oppdage endringar i berget. Likevel er metoden framleis i utviklingsfasen. Ei vidare forsking for å få til ei implementering av denne metoden er absolutt å anbefale, spesielt sidan det sidan 2016 vert bygd tunnelar som krev inspeksjon frå tunnelrommet. Samanlikna med andre inspeksjonsmetodar i tunnel, er georadar ein særs lovande ikkje-destruktiv metode.
Georadar vil nok ikkje kunne erstatte dagens metodar for tunnelinspeksjon. Den kan likevel komplementere ein visuell kontroll frå tunnelrommet, slik at ein kan få eit inntrykk av tilstanden av både kvelv og berg, utan destruktive tiltak. Undersøkingar med georadar kan òg kombinerast med laserscanning. Bergoverflata vert ofte laserscanna før kvelvmontasje. Denne laserscanninga gjev eit 3D-bilete av bergoverflata, og georadar kan i ettertid brukast til å kontrollere om heile, eller delar av bergoverflata er i rørsle. For at georadar i framtida skal kunne brukast i tunnel på ein økonomisk og effektiv måte, krev det at georadar ikkje berre kan undersøke striper av bergoverflata, slik som i denne forskinga, men også større flater.