Moglegheiter for og utfordringar ved implementering av IKT i skulen: Korleis planlegge for vellykka implementering av teknologi i skulen?
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/253108Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
IKT er og blir ein stadig større del av samfunnet vi lever i, både privat og i jobb samanheng. Skulen har som si viktigaste oppgåve å utdanne og førebu ungdom på det som ventar dei i vidare skulegang og arbeidsliv. Difor blir det stilt stadig større krav frå politikarar, byråkratar og skuleigarar og samfunnet elles om at IKT og teknologi skal takast i bruk i alle delar av utdanninga. Det er forventa at teknologien skal effektivisere og modernisere skulen, føre til betre læring, forandre måten ein arbeidar på og bidra til betre og meir samhandling.For å leve opp til forventningane og oppnå til målsettingane, er ein avhengig integrering og gode implementeringsprosessar. Denne oppgåva diskuterar moglegheiter for og utfordringar ved implementering av IKT i skulen. Oppgåva er basert på eit case studium av framsIKT-prosjektet i Sør-Trøndelag fylkeskommune. Dei empiriske data er samla gjennom observasjonar, intervju og undersøking. I tillegg er prosjektets organisering og historikk beskrive. Oppgåva synleggjer erfaringar og teori om implementering av teknologi og IKT-støtta samarbeid. Det blir diskutert i kva grad desse kan tilpassast og anvendast i tilsvarande implementeringsprosessar i skulen. Oppgåva peika på ulike aspekt ved implementering av IKT og samhandlingsteknologi. Basert på teori og erfaringar, beskriv rapporten eit sett med aksjonar for det vidare arbeidet i prosjektet. Målet er at teknologien som er studert skal implementerast som eit arbeids og samhandlingsverktøy for alle elevar og lærarar i Sør-Trøndelag fylkeskommune.