Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorÅrskog, Vemund Nils
dc.contributor.advisorMoldskred, Ivar
dc.contributor.authorRefsnes, Ferdinand Flåten
dc.coverage.spatialNorway, Ålesundnb_NO
dc.date.accessioned2017-10-25T12:10:36Z
dc.date.available2017-10-25T12:10:36Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2462105
dc.description.abstractBakgrunnen for oppgåva er at kvaliteten på betonggolv er eit hyppig diskusjonstema som følgje av at spesifiserte krav og forventningar ikkje vert tilfredsstilt. Dette resultera i kostbare utbetringar som kunne vert unngått om alle partar frå byggherre og rådgjevar til entreprenør og betongleverandør hadde vert innforstått med kva føresetnadar som ligg til grunn for å oppnå eit fullgodt resultat. Mange av desse skadane oppstår på grunn av mangelfull prosjektering og dimensjonering. (Norsk Betongforening, 2015) Hensikta for denne oppgåva er at det er i Moldskred AS si interesse som rådgjevande ingeniørfirma å utvide kunnskapen om betongplate på grunn som utførast som riss- og fugefrie. Det er difor ynskjeleg å kartleggje metodar og tiltak som lar ein støype størst mogleg betongplater på grunn utan fuger eller fare for riss. Moldskred AS ved Ivar Moldskred har lang fartstid innan bransjen, men då dette er den bygningsdelen i næringsbygg som byggherre er minst fornøgd med, er det ynskjeleg for dei å verte enda betre på dette feltet. Omfanget av oppgåva var stort, så for å kunne gjere seg opp ei grundig og godt overtenkt meining om løysningar og metodar eg fant var eg avhengig av å setje meg godt inni betongfaget. Dette for å forstå korleis kreftene i betongen oppstår og korleis desse opptrer i konstruksjonen i dei forskjellige tilfella. Avgrensinga vart satt til å berre gjelde golv på grunn i næringsbygg, og omfanget av litteratur, publikasjonar og erfaringar vart avgrensa til Noreg. Metoden for innsamling av data var samtale med bedrifter med erfaring innan fagfeltet, nettsøk på referanseprosjekt og erfaring frå andre metodar, men også nokre publikasjonar frå fagdatabasar vart vurdert. Resultata i oppgåva er basert på innspel og erfaringa som er gjort innan bransjen, med metodar som har vert nytta med gode resultat. Denne delen hadde ikkje vert mogleg å gjennomføre utan kontakta eg har oppretta med eldskjelar innan betongfaget. Konklusjonen etter å ha arbeida med problemstillinga er at det er mange faktorar ein må ta omsyn på for å førebyggje rissdanning i betonggolv på grunn. I hovudsak må ein gjere tiltak for å førebyggje at det oppstår store spenningar i konstruksjonen. Det er då viktig å nytte ein betong med eit lågt svinn, samstundes må ein gjere tiltak mot innverking frå omliggande konstruksjonsdelar og grunnen for å unngå fasthalding, og oppnå lågast mogleg friksjon. Det må også gjerast herdetiltak for å unngå rask og ujamn uttørking gjennom tverrsnittet. For å ta opp dei spenningane i betongen ein ikkje kan førebyggje er det difor viktig med val av riktig type og mengde armering.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectBetonggulvnb_NO
dc.subjectMoldskred ASnb_NO
dc.subjectBetongkonstruksjonnb_NO
dc.subjectNæringsbyggnb_NO
dc.titleTiltak for å redusere riss i betonggolv på grunnnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Teknologi: 500::Bygningsfag: 530::Arkitektur og bygningsteknologi: 531nb_NO
dc.source.pagenumber110nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal