Tiltak for å redusere riss i betonggolv på grunn
Abstract
Bakgrunnen for oppgåva er at kvaliteten på betonggolv er eit hyppig diskusjonstema som følgje av at
spesifiserte krav og forventningar ikkje vert tilfredsstilt. Dette resultera i kostbare utbetringar som
kunne vert unngått om alle partar frå byggherre og rådgjevar til entreprenør og betongleverandør
hadde vert innforstått med kva føresetnadar som ligg til grunn for å oppnå eit fullgodt resultat.
Mange av desse skadane oppstår på grunn av mangelfull prosjektering og dimensjonering.
(Norsk Betongforening, 2015)
Hensikta for denne oppgåva er at det er i Moldskred AS si interesse som rådgjevande ingeniørfirma å
utvide kunnskapen om betongplate på grunn som utførast som riss- og fugefrie. Det er difor
ynskjeleg å kartleggje metodar og tiltak som lar ein støype størst mogleg betongplater på grunn utan
fuger eller fare for riss. Moldskred AS ved Ivar Moldskred har lang fartstid innan bransjen, men då
dette er den bygningsdelen i næringsbygg som byggherre er minst fornøgd med, er det ynskjeleg for
dei å verte enda betre på dette feltet.
Omfanget av oppgåva var stort, så for å kunne gjere seg opp ei grundig og godt overtenkt meining
om løysningar og metodar eg fant var eg avhengig av å setje meg godt inni betongfaget. Dette for å
forstå korleis kreftene i betongen oppstår og korleis desse opptrer i konstruksjonen i dei forskjellige
tilfella. Avgrensinga vart satt til å berre gjelde golv på grunn i næringsbygg, og omfanget av litteratur,
publikasjonar og erfaringar vart avgrensa til Noreg.
Metoden for innsamling av data var samtale med bedrifter med erfaring innan fagfeltet, nettsøk på
referanseprosjekt og erfaring frå andre metodar, men også nokre publikasjonar frå fagdatabasar vart
vurdert.
Resultata i oppgåva er basert på innspel og erfaringa som er gjort innan bransjen, med metodar som
har vert nytta med gode resultat. Denne delen hadde ikkje vert mogleg å gjennomføre utan kontakta
eg har oppretta med eldskjelar innan betongfaget.
Konklusjonen etter å ha arbeida med problemstillinga er at det er mange faktorar ein må ta omsyn
på for å førebyggje rissdanning i betonggolv på grunn. I hovudsak må ein gjere tiltak for å førebyggje
at det oppstår store spenningar i konstruksjonen. Det er då viktig å nytte ein betong med eit lågt
svinn, samstundes må ein gjere tiltak mot innverking frå omliggande konstruksjonsdelar og grunnen
for å unngå fasthalding, og oppnå lågast mogleg friksjon. Det må også gjerast herdetiltak for å unngå
rask og ujamn uttørking gjennom tverrsnittet. For å ta opp dei spenningane i betongen ein ikkje kan
førebyggje er det difor viktig med val av riktig type og mengde armering.