Syntaks og ortografi: Nye rammer for språknormering
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/243957Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne oppgåva undersøker eg kva konsekvensar det vil ha for språknormering om ho var basert på generativ grammatikk. Språknormering er ei grein under språkplanlegging, og handlar om å fastsetje konkrete reglar for eit språk. Verksemda dreiar seg i hovudsak om skriftspråket og står ofte i skjeringspunktet mellom vitskap og ideologi. Dette har vore tilfelle i det norske språksamfunnet, der det ofte knyter seg sterke kjensler til språkspørsmål. Forskingsobjektet i generativ grammatikk er ein internalisert og medfødd språkkompetanse. Med denne som grunnlag vil normeringa dermed dreie seg primært om språket sjølv,
For å kome fram til den mest adekvate framstillinga av den internaliserte språkkompetansen ser eg på to forskjellige tilnærmingar til minimalismeprogrammet i generativ grammatikk. Desse to tilnærmingane skil seg frå kvarandre når det gjeld korleis dei forklarar syntaktisk strukturbygging og grensesnittet mellom syntaks og leksikon. Tilnærminga eg argumenterer for at er den mest adekvate framstillinga av språkkompetansen, er ei ny-konstruksjonistisk rammeanalyse. Rammeanalysen set opp eit prinsipielt skilje mellom grammatisk ramme og leksikalske innhaldsord. Formelle, grammatiske eigenskapar er knytte til sjølvstendige strukturar eller rammer for setningar, som leksikalske innhaldsord deretter kan setjast inn i. Skiljet mellom system (grammatikk) og innhald (ordstammar) vil ha konsekvensar for ein normeringssituasjon.
Hovudargumentet i denne oppgåva er at fastsette språknormer bør spegle internaliserte språknormer. Det grammatiske systemet i dei internaliserte normene viser seg å vere temmeleg fast og robust, og er derfor skildra som essensen i språket. Systemet omfattar då både systemstruktur og systemuttrykk. Fastsette normer for systemet bør følgjeleg vere tronge og faste. Leksikalske innhaldsord har ein friare natur og opnar for språkleg kreativitet og fleksibilitet. Normeringa av desse bør derfor vere liberal.
For å konkretisere konsekvensane for normering, har eg nytta vurderingar og døme frå innstillinga til ny nynorsk rettskriving frå 2011. Som ei forlenging av feltet diskuterer eg òg kort nokre konsekvensar teorien har for språkopplæring, ettersom dette er ein sentral arena kor språkbrukaren møter normene.