Kreftpasientar sine erfaringar i møte med sjukepleiar
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2416674Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Gjennom utdanninga lærer vi korleis å utøve kvalitet i sjukepleia, likevel står det ikkje alltid til pasientane sine erfaringar (Van der Elst et al., 2013). Sjukepleiaryrket botnar i mennesket og deira føresetnadar. Ei mengde menneske vert ramma av kreft kvart år, deira erfaringar er viktige kunnskapstilskot for kvalitetsutvikling av sjukepleia. Hensikt: Studien si hensikt er å finne ut kva for tankar og meiningar kreftpasientar har i møte med sjukepleiarar og kva erfaringar dei sit igjen med. Metode: Metoden er eit systematisk litteraturstudie basert på åtte forskningsartiklar: tre kvalitative og fem kvantitative. Resultat: Kreftpasientar verdset at sjukepleiar har gode kommunikasjonsferdigheiter, som viser seg ved formidling av nødvendig informasjon. Sjukepleiar sine personlege eigenskapar er viktige. At sjukepleiar gir oppmerksomheit til pasientane sine psykososiale behov, vert sett på som god kvalitet. Å fremje eigenomsorg er nødvendig for pasientmedverknad i avgjersle rundt eigen sjukdom og behandling. Konklusjon: Litteraturstudien konkluderer med at kreftpasientane stort sett er tilfreds med den sjukepleia dei mottar. Likevel set dei fingeren på kor viktig det er at sjukepleiar ser dei som eit menneske meir enn ein pasient. Kunnskap og ferdigheiter vert av pasientane forventa og er nødvendig for å gi ein følelse av tryggleik og meistring. Nøkkelord: Kreftpasientar, kvalitet i sjukepleia, pasienterfaringar. *** Background: Through education we learn how to perform quality in nursing. Despite that, it doesn't always match what the patient experience (Van der Elst et al., 2013). Nursing is bounded in the human and their interest. A number of people are diagnosed with cancer every year, their experiences are important to the quality improvement of nursing care. Purpose: The purpose of this study is to find out about the thoughts and opinions of cancer patients meeting the nursing, and what experiences they are left with. Method: The method is a systematic literature review based on eight research articles: three qualitative and five quantitative. Results: Cancer patients value that nurses have good communication skills, shown by giving necessary information. Nurses' personal characteristics are important. To give attention to their parents' psychosocial needs, are seen as good quality. To promote self-control, it is necessary for the patients to be involved in decisions of their own illness and treatment. Conclusion: The literature study concludes that cancer patients are mostly satisfied with the nursing they receive. Yet they point out how important it is that the nurse sees them as a human being and not a patient. Knowledge and skills is expected and required to provide safety and mastery to the patients. Keywords: Cancer patients, quality in nursing care, patient experiences.