Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorAakre, Arvid
dc.contributor.authorGakkestad, Øystein
dc.date.accessioned2016-10-06T14:00:51Z
dc.date.available2016-10-06T14:00:51Z
dc.date.created2016-06-09
dc.date.issued2016
dc.identifierntnudaim:14653
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2413308
dc.description.abstractDenne masteroppgåva er skriva i tre delar. Ein vitskapleg artikkel (del I), ein prosessrapport (del II) og ein appendiks (del III) skal ekvivalere kvalitets- og detaljegraden til ei tradisjonell masteroppgåve. Sidan etterslepet på norsk infrastruktur bare har auka, samt at regjeringa ynskjer ei større satsing på bygging av ny veg og bane, betyr det meir trafikk i og gjennom anleggsområde. Formålet med denne masteroppgåva er å undersøke korleis dei sentrale aktørane innan anleggsarbeid på vegar arbeider med trafikkavvikling, samt registrering av korleis trafikken går gjennom ulike anleggsområde, og korleis ein kan forbetre trafikkavviklinga der. Forskingsmetoden har vore eit litteraturstudie, intervju og feltarbeid. Litteraturstudiet har tatt utgangspunkt i å få tak i informasjon om korleis trafikkavvikling gjennom anlegg skjer, og kva metodar ein har for å rekne på korleis trafikken vil gå gjennom eit anleggsområde. Intervjustudiet tok for seg korleis byggherre, konsulentar og entreprenørar arbeider for å få god trafikkavvikling på eit anlegg. I feltarbeidet vart fire anlegg observert for å kartlegge metningsvolum, tømmetid og effektiv grøntid. Resultata av målingane vart analysert, og forslag til korleis ein kan optimalisere skyttelsignalanlegga er lagt fram. Resultata frå intervjua viste at byggherre og entreprenør er opptekne av robustheit framfør å optimalisere skyttelsignalanlegga. Entreprenøren har meir ansvar for trafikkavviklinga, medan byggherren bare er ut på anlegget og observerer at trafikken går greitt. Konsulentar blir lite brukt, men tilbakemeldinga var at dei trudde dei kunne vere med på å sikre ei vesentleg betre trafikkavvikling, utan særleg meirkostnad. Resultata frå feltarbeidet synte at ein har rom for å optimalisere skyttelsignalanlegga, særleg når det gjaldt tømmetida og korleis denne vert programmert inn i skyttelsignalanlegga. For alle detektorstyrte anlegg vart minste grøntid endra, samt nye effektive grøntider for det eine tidsstyrte skyttelsignalanlegget.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectBygg- og miljøteknikk, Transport
dc.titleTrafikkavvikling gjennom anleggsområder
dc.typeMaster thesis
dc.source.pagenumber88


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel