"Omskrivning for den ubrugelige genitiv" : om utviklinga av sin-possessiven, sett i lys av genitivbortfallet i mellomnorsk
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2405335Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne oppgåva ser på utviklinga av sin-possessiven i norsk (også kjent som garpegenitiven). Oppgåva spør for det første om det er rimeleg å hevde at sin-possessiven oppstod for å erstatte den norrøne possessiv¬konstruksjonen med genitiv kasus. For det andre undersøker ho om overgangen frå den norrøne genitivpossessiven til sin-possessiven kan ha vore motivert ut frå språkleg økonomi, slik dette omgrepet er definert gjennom økonomiprinsippa Late Insertion, Head Preference og Economy of Features. Sidan ei slik undersøking krev at ein samanliknar analysar for desse to strukturane, er ein sentral del av oppgåva å tilpasse ein nomenfraseanalyse for moderne norsk til norrønt.
Oppgåva konkluderer med at utviklinga frå den norrøne genitivpossessiven til sin-possessiven bryt med økonomiprinsippa nemnde over, og at vi derfor må sjå etter andre forhold som kan ha motivert overgangen frå den eine konstruksjonen til den andre.