Utfordringar ved implementering av IKT i ein helseorganisasjon, gjennom eit retrospektivt studie på e-kurveprosjektet i Helse Midt Norge
Abstract
Vi har i mange år hatt elektroniske pasientjournalsystem i vårt helsevesen. Gjennom desse åra har vi opplevd at det stadig blir utvikla ny funksjonalitet i eksisterande programvare, men også at leverandørar tilbyr nye programvare for områder der det ikkje har vore elektroniske løysingar for tidlegare. I tillegg har vi ein auke i mydigheitskrav som må gjennomførast, og som oftast krev dette ny elektronisk funksjonalitet enten i eksisterande programvare, eller så må det skaffast ny.Dette gjer at vi som arbeider med IKT i helsevesenet svært ofte er i eit implementeringsprosjekt. Dette bakgrunnen for at vi har valt å sjå på denne problemstillinga.For å finne dei utfordringane som vi kan møte i implementering av IKT-system i ein helseorganisasjon, har vi gjennom litteraturstudie funne eit sett av utfordringsområder. Desse områda har vi så sett på opp mot funn frå vårt studie. Som studie valde vi ut e-kurveprosjektet i Helse Midt-Norge som utgangspunkt for vårt studie. Prosjektet vart avslutta våren 2013 etter gjennomført pilotperiode. Helse Midt-Norge valde å avslutte prosjektet, og dermed ikkje bredde dette i heile organisasjonen.Gjennom studiet finn vi eit sett av utfordringar som vi må ta med oss inn i våre framtidige prosjekt.