Krav til normaliserte kuldebruverdiar for småhus
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2349763Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I ei tid der det er fokus på å redusere energibruk vil fyrste tiltak for bygningar vere å redusere varmetap, og dermed redusere behov for energi. Kuldebruer er ein av faktorane som bidreg til uynskt varmetap. Krav er sett for å avgrense dette tapet i byggteknisk forskrift, TEK10, og passivhusstandarden for bustadar, NS 3700:2013. Kravet til normalisert kuldebruverdi er Ψ" < 0,03 W/m2K. Utgangspunktet for denne oppgåva er dagens diskusjon om dette kravet er realistisk. Hovudmålet er å vurdere kva som er realistisk krav til kuldebruer i den norske standarden er for småhus, og om det er meir eigna metodar å vurdere kravet på. For å gjere dette er det utført kuldebrurekneskap for fire eksempelbustadar frå Norgeshus. Bustadane har same byggjesystem, men ulik utforming når det gjeld mengde etasjar og kompaktheit. Intensjonen er å sjå kor mykje den normaliserte kuldebruverdien endrar seg når bygningskroppen og det oppvarma bruksarealet varierer. Byggjesystemet er optimalisert for å oppnå låge kuldebruverdiar og dette har vore ein omfattande, men nødvendig jobb. Resultatet for dei fire bustadane er ein utrekna normalisert kuldebruverdi mellom 0,033 og 0,056 W/m2K (ekskludert kuldebrutap frå skorstein). Ved å runda av til to gjeldande siffer kjem to av bustdane innanfor kravet, medan dei to andre er langt utanfor. Oppvarma bruksareal viser seg å vere avgjerande for dei utrekna verdiane, og ved å variere denne faktoren for to av bustadane vert dette tydeleg stadfesta. Det geometriske bidraget er med å legg avgrensingar for tilgjengeleg forbetringspotensiale, og det viser seg at det er vanskeleg å skulle forbetre det valde byggjesystemet ytterlegare.Kuldebruene påverkar andre forhold i ein bustad, til dømes energibudsjettet og risiko for fukt. Etter å ha undersøkt desse to forholda kjem det fram at energibehov og forbruk ser ut til å vere meir påverka av areal/utforming enn sjølve kuldebrutap. Det er ingen reel risiko for fukt i form av muggvekst og kondens.Alternative vurderingsmetodar for krav til kuldebrutap vart diskutert. Dette omfatta fjerning eller heving av minstekrav, justering av minstekrav i samsvar med oppvarma bruksareal eller å ha kravsverdi til kuldebruverdiane i staden for til normalisert kuldebruverdi. Den endelege anbefalinga inneber å fjerne minstekrav og heller innføre krav/typiske verdiar til kuldebruverdiane. Krav til varmetapstal bør behaldast, for å kunne regulere det totale varmetapet frå kuldebruene.