Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorThorolfsson, Sveinn Tnb_NO
dc.contributor.authorNielsen, Tormod Rellingnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T11:32:01Z
dc.date.available2014-12-19T11:32:01Z
dc.date.created2013-09-19nb_NO
dc.date.issued2013nb_NO
dc.identifier649625nb_NO
dc.identifierntnudaim:9693nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/232586
dc.description.abstractDet er sett på arealnedbøren i Trondheim kommune med bakgrunn i at nedbørshendinga 13. august 2007 viste store skilnader mellom dei forskjellige nedbørsmålarane i kommunen (Risholt, 2009). I tillegg er IVF-kurvene frå Risvollan og Voll særs ulike sjølv om dei berre ligg 2,1 km unna kvarandre. Kva konsekvensar har det å bruke den eine eller den andre målaren for eit større område, kontra å bruke forskjellige målarar på forskjellige nedslagsfelt? Det er gjort simuleringar i PCSWMM som tidvis viser store skilnader ved bruk av nedbørsdata berre frå Risvollan i staden for å bruke alle målarane. Risvollan gir ikkje konsekvent dei høgaste avrenningstoppane, sjølv om utveljingsmetoden for nedbørshendingar er basert på stor avrenning frå Risvollan. I nokre tilfelle gir Risvollan gjennomsnittsverdien av alle nedbørsmålarane. Det undersøkte datamaterialet er for lite til å kunne seie noko sikkert om trendane for avrenningsforskjellane. Undersøkingar av nedbøren viser at det truleg er Saupstad som har den mest intensive nedbøren på det jamne. I dei mest ekstreme nedbørstilfella, har ein ikkje observert korttidsnedbør frå Saupstad høgare enn på Risvollan, men for regnvarigheiter frå 10 minutt og oppover er nedbørsintensiteten frå både Saupstad, Ranheim og Sverresborg høgare enn 100-årsnedbøren for Risvollan. IVF-kurva frå Voll blir overskriden på det jamne av Risvollan og ved fleire tilfelle på andre målestasjonar. Om det er klimaendringar som gjer det, eller om det er Voll som ikkje er representativ for heile Trondheim skal ein vere forsiktig med å seie noko om. Truleg er det ein kombinasjon av desse. Det er uansett eit faktum at Voll blir overskriden av andre målarar, og det er på tide å bruke IVF-kurva frå Risvollan til dimensjonering. Det blir vurdert til at denne er det beste dimensjoneringsgrunnlaget ein har for Trondheim per dags dato. Den typiske nedbørshendinga for Trondheim er vanskeleg å finne, men det er observert at ein nedbørstopp ofte ikkje opptrer åleine. Om toppen kjem før, etter eller midt under ein utvida nedbørsperiode varierer. Simuleringar viser at seine nedbørstoppar gir større avrenningstoppar enn tidlege nedbørstoppar. Det blir difor oppmoda om at dimensjonerande nedbørshending for Trondheim har ein sein nedbørstopp. Det er òg sett på ei eventuell utbygging av Risvollan. Analysane der viser at avrenninga aukar mykje med auka utbygging, men at det teknisk sett er fullt mogleg å få til, utan å auke belastinga på avløpsnettet nedstraums. Ved ei mogleg utbygging vil det vere naudsynt å kontrollere eksisterande leidningar, då desse allereie verkar å vere pressa.nb_NO
dc.languagenobnb_NO
dc.publisherInstitutt for vann- og miljøteknikknb_NO
dc.titleAnalyse av arealnedbøren si betydingnb_NO
dc.title.alternativeAnalyses of the Impact of Area Precipitationnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber58nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, Institutt for bygg, anlegg og transportnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel