Diagnose og situasjon: ein intervjustudie om skjønnspraksis ved saksbehandling etter folketrygdlova § 12-5 («hensiktsmessig behandling» som vilkår for rett til uføretrygd)
Abstract
I denne masteroppgåva undersøkjer eg korleis saksbehandlarar i NAV konkretiserer vilkåret om at personen som krev uføretrygd, skal ha «gjennomgått hensiktsmessig behandling for å bedre inntektsevnen (folketrygdlova § 12-5). At formuleringa i lova er vag, og at vagheit kan ha konsekvensar for omfanget av skjønn, er ein viktig premiss for prosjektet. Eg har intervjua tre saksbehandlarar som alle skriv vedtak i uføresaker, og analysert korleis dei gjer greie for eigne vurderingar av kva som kan reknast som hensiktsmessig. Materialet er samla inn gjennom halvstrukturerte intervju og er analysert tematisk og retorisk. Informantane viser motstand mot å svara generelt på kva hensikts-messig behandling er, og knyter alltid omgrepet til dokumentasjon om diagnose og situasjon i enkeltsak. Eg finn tydelege skilnader i måten fenomenet skjønn blir framstilt på, og konkluderer med at skjønnsrom òg er etisk rom. In this master’s thesis, I examine how caseworkers in the Norwegian labour and welfare administration concretise the legal requirement that individuals claiming disability benefits must have ‘undergone treatment appropriate for improving their earning capacity’ (national insurance act § 12-5). An important premise for the project is that the wording of the law is vague, and that vagueness may have consequences for scope of discretion. I have interviewed three caseworkers who all write decision letters in disability cases, and analysed how they account for their own assessments of what can count as appropriate. The data were collected through semi-structured interviews and analysed thematically and rhetorically. The informants signal resistance against giving general answers as to what appropriate treatment is, and always link the term to documentation of diagnosis and situation in the case in question. I find marked differences in the ways in which discretion as a phenomenon is accounted for and conclude that scope of discretion also is scope of ethics.