Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorEik, Ragnhild
dc.contributor.authorGjøsdal, Maiken
dc.date.accessioned2024-07-27T17:19:37Z
dc.date.available2024-07-27T17:19:37Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.ntnu:inspera:187609515:37447088
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3143496
dc.description.abstractDei siste åra har det vorte publisert ein god del forsking som peikar mot endringar i genussystemet i eit utval norske dialekter. Det er i den samanhengen blitt observert at hankjønn og hokjønn er i ferd med å felle saman til éin genuskategori, og at det er hankjønnet som vinn terreng til fordel for hokjønnet. Resultatet er at ein i staden for eit trekjønnssystem med han-, ho- og inkjekjønn, ser ut til å få eit tokjønnssystem med felles- og inkjekjønn. Denne oppgåva tek på seg eit synkront blikk for å avdekkje korleis bruken av grammatisk hokjønn ser ut blant ei gruppe unge språkbrukarar i kommunane Volda og Ørsta på Søre Sunnmøre, eit område med ein sterk nynorsktradisjon. Metodikken er gjort opp av eit eksperiment designa for å elisitere språkleg produksjon knytt til substantivfrasar i eintal, og ei gruppeoppgåve der informantane byggjer setningar saman ved hjelp av laminerte kort. Resultata peikar mot at eit bortfall av grammatisk hokjønn kan vere i startfasen i dette talemålsområdet. Funna antydar òg at linne ord er noko meir robuste som hokjønnsord enn dei sterke, og at nynorsk normering kan ha påverknad på utviklinga til einskilde ord, ut ifrå kva kjønn dei er normerte til.
dc.description.abstractIn recent years, several studies have been conducted, the results of which point to changes in the gender system in a selection of Norwegian dialects. This change entails a replacement of the traditional masculine-feminine-neuter contrast by a common-neuter contrast, resulting in the traditional f and m being isomorphous. This thesis involves a study of the spoken language of a group of young speakers from the west coast of Norway. The main aim of the study is to establish how these speakers assign grammatical gender to a selection of nouns that are traditionally feminine within this dialect. The study makes use of an experimental method designed to elicit spoken language production tied to singular noun phrases, and a group task in which the participants work together to construct sentences using laminated cards. The results indicate that a potential change may be in its early stages in the areas covered by the study. Other findings imply that weak feminine words may be more resistant to this potential change than strong ones, and that the written standard Nynorsk may have some influence on how individual words are affected by the change.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.title«Man sei jo ikkje den metoden – gjer dokke?» Ein eksperimentell studie av grammatisk hokjønn på Søre Sunnmøre  
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel