Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMunkebye, Eli
dc.contributor.authorStaldvik, Kaja Færøy
dc.date.accessioned2024-07-17T17:21:10Z
dc.date.available2024-07-17T17:21:10Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.ntnu:inspera:188162219:51857106
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3141981
dc.description.abstractSamstundes som samiske tema har fått større merksemd og har blitt meir debattert dei siste åra, har samiske tema blitt meir innlemma i læreplanen ved Kunnskapsløftet 2020, både generelt og i naturfag spesielt. Framleis er lærebøker hyppig nytta i naturfagundervisning, og det er difor aktuelt å undersøkje korleis lærebøker i naturfag presenterer og inkluderer samiske tema. Problemstillinga for denne studien er dermed; Korleis, og i kor stor grad, blir samiske tema inkludert i dagens naturfagsbøker på ungdomstrinn? For å finne svar på problemstillinga, er det gjennomført ei innhaldsanalyse av lærebøker, altså lærebokanalyse, med både kvalitative og kvantitative analysar. Analysen ga resultat kor alle tre utvalde lærebokseriar inkluderte samiske tema. Strategien for inkluderinga av temaa og kva for eit perspektiv som er teke, er likt i dei tre seriane, og er inkluderingsstrategi. Bokseriane inkluderer altså samiske tema, men frå eit majoritetsperspektiv. I motsetnad bør lærebokforfattarar strekkje seg etter å oppnå ein indigeniseringsstrategi, kor samiske tema blir presentert av samiske stemmer sjølv. Andre funn er at lærebokseriane legg til rette for oppnåing av kompetansemål i naturfag i ulik grad, og det det er eit avgrensa mangfald som kjem til syne med stor vekt på reindrift. Lærarrettleiingane har ikkje fagleg støtte eller er særleg til nytte for lærarar når det gjeld samiske tema. Lærebøkene og rettleiingane inkluderar altså ikkje samiske tema på ein særleg god måte, noko som kan føre til at elevar ikkje får kunnskap om samiske tema på ein god måte. Dette kan resultere i at elevane ikkje når kompetansemåla, men og at fordommar og stereotypiske framstillingar oppstår og oppretthaldast. Det er eit behov for ein meir bevisst tilnærming til inkludering av samiske tema i lærebøker og undervisning, med sikte på å fremje ei djupare forståing og å bidra til samisk revitalisering. Implikasjoner for denne studien vil generelt vere at samiske tema bør få eit større og djupare fokus i undervisning og lærebøker, og at lærebokforfattarar bør jobbe med å få indigenisering i lærebøkene og at elevane blir meir kognitivt utfordra når det gjeld samiske tema. I tillegg bør forfattarane av lærarrettleiingane oppdatere og utvikle innhaldet i rettleiingane, slik at lærarar faktisk kan støtte seg på desse.
dc.description.abstractWhile Sámi themes have received more attention and become more debated in recent years, these themes have been increasingly integrated into the curriculum with the Knowledge Promotion Reform 2020, both generally and specifically in science subjects. Textbooks are still frequently used in science education, thus, it is relevant to examine how science textbooks present and include Sámi themes. The research question for this study is therefore: How, and to what extent, are Sámi themes included in today's science textbooks at the lower secondary level? To answer this research question, a content analysis of textbooks was conducted, involving both qualitative and quantitative analyses. The analysis shows that all three selected textbook series include Sámi themes. The strategy and perspective for including these themes is the same in the three series, which is an strategy of inclusion. Thus, the textbook series include Sámi themes, but from a majority perspective. In contrast, textbook authors should strive to achieve indigenization approach, where Sámi themes are presented by Sámi voices themselves. Other findings indicate that the textbook series facilitate the achievement of science competence goals to varying degrees, and there is limited diversity depicted, with a strong emphasis on reindeer herding. The teacher guides lack academic support or practical utility for teachers regarding Sámi themes. Therefore, the textbooks and guides do not include Sámi themes in a particularly effective way, which can result in students not gaining sufficient knowledge about Sámi themes. Competence aims may not be reached, and students may perpetuate prejudices and stereotypical representations. There is a need for a more conscious approach to the inclusion of Sámi themes in textbooks and teaching, aimed at promoting a deeper understanding and contributing to Sámi revitalization. Implications of this study generally suggest that Sámi themes should receive more comprehensive and deeper focus in education and textbooks, and that textbook authors should work towards incorporating indigenization in their materials. Students should also be more cognitively challenged regarding Sámi themes. Additionally, the authors of teacher guides should update and develop the content of these guides so that teachers can actually rely on them for support.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleSamiske tema i lærebøker
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel