Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSlettebakk, Sigrid Berge
dc.contributor.authorLøvli, Miriam
dc.date.accessioned2024-02-17T18:19:56Z
dc.date.available2024-02-17T18:19:56Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.ntnu:inspera:155668692:22307720
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3118329
dc.descriptionFull text not available
dc.description.abstractI denne masteroppgåva søkjast kunnskap om inkludering i eit teiknspråkleg opplæringstilbod. Gjennom kvalitative djupneintervju med to av skulen sine tilsette ønskjer eg å bidra med innsikt i korleis ein skule legg til rette for inkluderande fellesskap for teiknspråklege elevar. Her er ulike faktorar som fremjar og hemjar realiseringa av inkludering sentral. Den oppnådde kunnskap kan vere rettleiande for andre teiknspråklege opplæringstilbod, samt tydeleggjere moglegheitene og utfordringane eit teiknspråkleg opplæringstilbod har i dag. Studien sin problemstilling er formulert slik: ««Korleis legg eit teiknspråkleg opplæringstilbod til rette for inkluderande fellesskap?». Det innleiande kapittelet bidreg med kontekst til studien, medan den teoretiske forankringa gjev retning og grunnlag for diskusjon gjennom analyse og drøfting. Gjennom metodekapittelet får ein innsikt i forskingsprosessen, og tilnærminga til datamaterialet. Analysekapittelet presenterer og drøftar funn, medan drøftinga inneheld ein meir heilskapleg diskusjon mellom studien sitt perspektiv på inkludering og sentrale funn frå analysen. Det avsluttande kapittelet vil innehalde ein konklusjon av problemstillinga. Studien sine funn gjev eit tydeleg bilete av inkluderinga sin kompleksitet. Det teiknspråklege opplæringstilbodet legg i stor grad til rette for inkluderande fellesskap i klassefellesskapa, med teiknspråk og ein pedagogisk praksis med teiknspråklege elevar som utgangspunkt som essensielle element. Teiknspråk gjev dei elevane tilgang til å kommunisere med medelevar og tilsette direkte. Dei teiknspråklege elevane har to faste kontaktpunkt med talespråklege medelevar, som bidreg til inkludering i skulen som heilskap. Andre kontaktpunkt som felles SFO og uteskule leggjast også til rette for på ein måte som fremjar inkludering. Tilsette sine møter med skulefellesskapet er prega av lite gjensidigheit. Skulen sine samarbeid har vore eit sentralt tema. Det generelle samarbeid med føresette og samarbeidet med barnehagen er faktorar som er med på å fremje inkludering i elevane sin skulekvardag. Samarbeidet med ulike etatar og vidaregåande er i større grad utfordrande, og kan bidra til svekking av inkludering.
dc.description.abstractThis master thesis seeks to explore inclusion within a sign language educational setting. Through qualitative in-depth interviews with two staff members from the school, I wish to contribute insight into how a school facilitates an inclusive environment for deaf and hard of hearing students. Various factors that both further and inhibits the realization of inclusion are key. The attained knowledge could serve as guidance for other schools with sign language as the primary language and help clarify the current opportunities and challenges within this school. The study`s issue is formulated as follows: “How does a sign language educational setting facilitate inclusive environments?”. The introduction contextualizes the research paper, while the theoretical framework provides direction and foundation for discussions through the analysis and discussion-chapters. The methodology chapter offers insight into the research process, and the approach to the data material. The analysis chapter presents and discusses findings, while the chapter of discussion contains an overall discussion between the study`s chosen perspective on inclusion and key findings from the analysis. The concluding chapter will address the research question. The findings of the study throw light on the complexity of inclusion. The educational provision for the deaf and hard of hearing students largely facilitates inclusive environments, with sign language and a pedagogical practice with deaf and hard of hearing students as a foundation, as essential elements. Sign language provides the students with access to communicate with other students and personnel directly. The deaf and hard of hearing students have two fixed meeting points with hearing students, and this promotes inclusion in the school as a whole. Other meeting points as shared after-school programme and outdoor school also facilitates inclusion. The personnels meetings with the large school community are characterized by little mutuality. The schools cooperations has also been key. The general cooperation with parents and the cooperation with the kindergarten is a factor that promotes inclusion in the students everyday school life. The cooperation with different agencies is to a greater extent challenging and can weaken inclusion.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleDet komplekse inkluderingsarbeidet: Ein kvalitativ studie om inkludering i eit teiknspråkleg opplæringstilbod
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

FilerStørrelseFormatVis

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel