Språkkulturar i endring – oppmoding om ein norsk skriftsosiolingvistikk
Peer reviewed, Journal article
Published version
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
Abstract
Skriftkulturar er dynamiske, sosiohistoriske fenomen som står under påverknad frå ei mengd samfunnsmessige tilhøve, og som dessutan inngår som del av meir vidfemnande kompleks, nemleg språkkulturar. Skildringar av vår tids språkkultur legg gjerne vekt på auka pluralisering og folkeleggjering, og skriftlegheita blir samstundes sagd å ha fått stadig større plass i livet til folk flest, ein tilstand som blir omtalt som masseliterasitet (eng. mass literacy). Ikkje minst er framveksten av digital teknologi som legg til rette for nye former for skriftbasert samhandling, rekna som ein påskundar for endringar i skriftkulturen – og dermed i språkkulturen. Denne artikkelen drøftar korleis ei slik utvikling eventuelt kan ha verka inn på skriftlegheita, og vidare korleis relasjonen mellom tale og skrift – og oppfatningane våre om denne kanoniske binariteten – kan ha endra seg. Eit hovudføremål er å peike på potensialet for sosiolingvistisk utforsking av den skriftlege dimensjonen – både i samtid og historisk – og å vise at dette krev ei nyorientering i retning av ein skriftsosiolingvistikk. Språkkulturar i endring – oppmoding om ein norsk skriftsosiolingvistikk