Berøring og intimitet - kroppen i skjeringspunktet mellom offentleg og privat. Omsorg for utviklingshemma barn og unge i barnebustad
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for sosialt arbeid [1391]
- Publikasjoner fra CRIStin - NTNU [38596]
Original version
10.23865/barn.v41.5467Abstract
Kropp og berøring i institusjonell omsorg for barn og unge er eit tema med aukande internasjonal forskingsinteresse, etter å ha vore eit tabubelagt emne på bakgrunn av tidlegare overgrepshistorier. Denne artikkelen handlar om utviklingshemma barn og unge i barnebustad, ei gruppe unge som vanlegvis går «under radaren». Dei unge har behov for omfattande hjelp gjennom døgnet og får bistand av kommunalt tilsette omsorgspersonar. Omsorgssamspelet mellom kommunalt tilsette og dei unge som har sin heim i barnebustaden, blir analysert og drøfta med basis i omgrepa body work, intimate labour og emotional labour. Kroppen som offentleg objekt og privat subjekt er i tillegg viktige analytiske element. Innanfor institusjonelle rammer får dei unge sin kropp ulike roller, men kan vere prisgjeven tilsette si forståing av omsorg og institusjonelle oppgåver.