Eg har jo angst for at nokon skal få angst viss vi snakkar om angst
Master thesis
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3830]
Description
Full text not available
Abstract
Tema for denne studien er angst og depresjon i skulen. Undersøkingar i dag viser at fleire studentar i dag slit med dårleg psykisk helse (Sivertsen & Johnsen, 2022). Dette har fått meg til å lure på om det er noko ein kan med psykisk helse tidlegare i skuleløpet. Problemstillinga mi er kva utfordringar møter lærarar i den norske skule på med tanke på elevar som slit med angst og depresjon, og kva gjer dei for å støtte desse elevane? Forskingsspørsmåla mine som skulle hjelpe meg med å svare på denne problemstillinga var: Korleis kan ein jobbe med angst og depresjon i skulen? Og korleis kan ein støtte elevar med angst og depresjon?I denne studien tar eg utgangspunkt i lærarane sine synspunkt og knyt det opp mot omgrep som anerkjenning, empati, pedagogisk klokskap og audmjuk nysgjerrigheit. Tidlegare forsking viser at lærarane ofte ikkje har nok kompetanse når det kjem til psykisk helse, og det trengst samarbeid og god støtte for å oppnå god undervising om tema (Roli, 2020). Forsking viser også at elevane har behov for støtte frå lærarane sine og kjenner seg tryggare i skulen når dei føler at lærarane bryr seg om dei (Larsen & Christiansen, 2015).For å gjennomføre studien har eg brukt kvalitative intervju, der det har vore to gruppeintervju med tre lærarar i kvar gruppe. Dette var for å få i gang ein samtale mellom lærarane slik at eg kunne få ulike refleksjonar om tema. Intervjua var tatt opp på opptak og transkribert, før eg analyserte ved å bruke stegvis-deduktiv induktiv metode.Hovudfunna i denne studien var ar lærarane var veldig usikre på tema. Dei følte ikkje at dei hadde kontroll og ofte unngjekk å snakke om det med elevane fordi dei var redde for at noko ubehageleg skulle komme fram eller at dei skulle gjere noko feil. Ein sa rett ut at han ikkje var interessert i psykisk helse og at det ikkje var difor han blei lærar. Fleire meinte at dei hadde lite kompetanse nå det kom til psykisk helse, men når eg spurte dei kva dei gjorde for å støtte elevane sine hadde dei mange svar på det. Det er kanskje lett å tenkje at ein skal gjere noko spesielt med elevane som slit, men så lenge ein samarbeider med elevane som slit og har ein god balanse mellom instrumentell støtte og emosjonell støtte, så kjem ein langt med det. Av og til er det nok å vere eit medmenneske for elevane sine. The topic of this study is anxiety and depression in school. Surveys today show that several students today struggle with poor mental health (Sivertsen & Johnsen, 2022). This made me wonder if there is anything we can do with mental health earlier in the school year. The main question being asked is What challenges do teachers in Norwegian schools face with regard to students who struggle with anxiety and depression, and what do they do to support the students? My research questions that should help me answer this problem is: How can one work with anxiety and depression in school? And how can one support students with anxiety and depression?In this study, I take the teachers point of view and link it to concepts such as recognition, empathy, pedagogical prudence, and humble curiosity. Previous research shows that teachers often do not have enough expertise when it comes to mental health, and cooperation and good support are needed to achieve good teaching on the topic (Roli, 2020). Research also show that students need support from their teachers and feel safer at school when they feel that their teacher care about them (Larsen & Christiansen, 2015).To carry out the study, I have used qualitative interviews, where there have been two group interviews with three teachers in each group. This was to start a conversation between the teachers so that I could get different reflections on the topic. The interview was recorded and transcribed, before I analysed it using a step-by-step deductive inductive method.The main find in this study was that the teachers were very uncertain about the topic. They did not feel that they had control and often avoided talking about it with the students because they were afraid that something unpleasant would come up or that they would do something wrong. One said frankly that he was not interested in mental health and that that was not why he had become a teacher. Several thought that they had litte expertise when it came to mental health, but when I asked them what they did to support their pupils, they had many answers. It is perhaps easy to think that you should do something special with the pupils who struggle, but if you cooperate with the pupils who struggle and have a good balance between instrumental support and emotional support, you will get far. Sometimes it is enough to be a fellow human being for your students.