Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorEide, Kristin Melum
dc.contributor.authorTranøy, Kathrine
dc.date.accessioned2023-08-16T17:19:16Z
dc.date.available2023-08-16T17:19:16Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.ntnu:inspera:138868559:24402772
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3084466
dc.description.abstractI denne masteroppgåva har eg testa effekten av eksplisitt undervisning med fokus på innlæring av V2-regelen (verb second) i norsk setningsstruktur på vaksne innlærarar av norsk som andrespråk. Prosjektet er ein intervensjonsstudie der eg har utvikla og undersøkt effekten av to ulike eksplisitte undervisningsopplegg. Det eine undervisningsopplegget bruker feltskjema som verktøy, utvikla på bakgrunn av metoden sitt fotfeste innanfor andrespråksdidaktikken. Det andre er eit kontrastivt norsk-engelsk undervisningsopplegg, basert på nyare andrespråksteoriar som peikar mot at transfer skjer frå andrespråk til tredjespråk. Ved å vise forskjellane mellom dei to språka sin setningsstruktur var hypotesen at undervisninga kunne minimere transfer-effekten. Måleinstrumenta nytta for å undersøke effekten av undervisninga er ein pre-test og post-test i form av elisitering av akseptabilitetsvurderingar. Informantane i prosjektet er 21 vaksne innlærarar av norsk med høgare utdanning som følgjer digitale norskkurs på B1 og B2-nivå. Undervisninga blei gitt som ein del av den ordinære norskopplæringa deira. Informantane har ulik språkbakgrunn, men har til felles at dei har engelsk som andrespråk og bruker engelsk jamleg i dagleglivet. Basert på dette var teorien at dei skulle ha særleg utbyte av den kontrastive undervisninga. I korte trekk viser resultata minimal effekt av dei eksplisitte undervisningsopplegga overordna sett. Kontrollert for undervisningsform kjem det likevel fram eit gjennomgåande og konsistent mønster, nemleg at feltskjema-undervisning gir positiv effekt, og kontrastiv undervisning gir negativ effekt. For feltskjema-undervisninga ser effekten ut til å følgje den universelle læringsløypa for innlæringa av norsk, der effekten er mest positiv for innlærarar med høgare generell norskkompetanse. Den negative effekten av det kontrastive undervisningsopplegget var eit overraskande funn, då det strider mot hypotesen. For å forklare dette har eg sett til L2 status factor hypothesis, som seier at språk som er lagra i same minnesystem, lettare kan vere kjelde til transfer. Andrespråk som blir lært eksplisitt i vaksen alder, er først og fremst lagra i det deklarative minnet. Fordi kompetansen i engelsk er så høg hos informantane, kan ein anta at språket i utgangspunktet er lagra som implisitt kunnskap i det prosedurale minnesystemet. Gjennom eksplisitt undervisning blir den eksplisitte kunnskapen i engelsk reaktivert, og informantane trekker dermed i større grad på det deklarative minnet. Sidan både engelsk og norsk då er i same minnesystem, stimulerer altså undervisningsopplegget til auka transfer. Denne effekten er størst hos informantar på B1-nivå. Til slutt undersøkte eg effekten av eksplisitt undervisning over tid hos ei informantgruppe som blei testa på fire testpunkt. Dette tyda på ei u-forma læringskurve, der begge former for undervisning kan ha positiv effekt på lang sikt. Det indikerer også at kontrastiv undervisning kan ha positiv effekt om den er presentert på riktig stad i læringskurva.
dc.description.abstractIn this master's thesis, I conducted a study on the impact of explicit instruction on learning the V2 rule (verb second) in Norwegian sentence structure for adult learners of Norwegian as a second language. This intervention study involved the development and investigation of two explicit teaching approaches. One approach uses field structure as a tool, a method commonly used in second language didactics. The other approach is a contrastive Norwegian-English teaching method based on newer second language theories that aim to minimize transfer effects by highlighting differences in the sentence structures of the two languages. To measure the effectiveness of these approaches, I administered an acceptability judgment test as a pre-test and post-test before and after the instruction. The 21 informants in this study were adult learners of Norwegian with higher education who were taking digital Norwegian courses at the B1 and B2 levels. They had different language backgrounds but shared English as a second language and used it regularly in their daily lives. The hypothesis was that they would benefit particularly from the contrastive teaching approach. The results showed minimal overall effect of the explicit teaching approaches, but when controlled for teaching approach, a consistent pattern emerged. The field structure instruction showed a positive effect, while the contrastive teaching showed a negative effect. After the field structure instruction, the effect followed the universal learning path for learning Norwegian, with the most positive effect on learners with higher general Norwegian competence. The negative effect of the contrastive teaching approach was surprising as it contradicted the hypothesis. I explained this effect using the L2 status factor hypothesis, which suggests that languages stored in the same memory system can be more easily a source of transfer. Since English and Norwegian are stored in different memory systems, the explicit teaching approach stimulates increased transfer, particularly among informants at the B1 level. Finally, I examined the effect of explicit teaching over time in a group of informants tested at four different points. This showed a U-shaped development curve, where both teaching approaches could have a positive effect in the long run. It also indicated that contrastive teaching could have a positive effect if presented at the right place in the learning curve.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleEksplisitt undervisning i V2-regelen for vaksne innlærarar av norsk som andrespråk - eit pilotprosjekt
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel