Framstillinga av kjærleikssorg blant unge menn i dramaserien Rådebank
Master thesis
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3864]
Description
Full text not available
Abstract
Siktemålet med denne studien er å undersøkje korleis kjærleikssorg blir framstilt gjennom karakteren Glenn-Tore i den fyrste sesongen av dramaserien Rådebank. Serien, som er ein av NRKs mest strøyma seriar gjennom tidene, har blitt anerkjent for å rette søkelyset mot den psykiske helsa til gutar og unge menn på bygda. Måten den skildrar tabubelagde tema som kjærleikssorg, sjølvmord, personleg økonomi og det å finne sin plass på, har gjort at den har appellert til eit breitt spekter av publikum.
Med ei forankring i narrativ og dramaturgisk teori gjer studien greie for korleis Glenn-Tore handterer sine indre, emosjonelle behov etter at han blir dumpa av kjærasten Ine. Analysen, som er bygd opp etter ein dramaturgisk spaningsboge, syner at han har store utfordringar med å skulle skjule sorga si for omverda og samtidig oppretthalde det tøffe og maskuline imaget han har som rånar i Bø. For å konkretisere korleis tv-serien framstiller dette aspektet, er filmforteljarens mange verkemidlar eit sentralt analyseverktøy. Teorien i denne studien er mangfaldig og faglitteraturen variert. Oppgåvas metode byggjer primært på narrativ teori (Lothe, 2003; Engelstad, 2015) og dramaturgisk teori (Harms Larsen, 2005; Evans, 2008; Aristoteles, 2019), men også andre innfallsvinklar blir nytta som teoretisk rammeverk.
Problemstillinga i oppgåva er som følgjer:
Korleis blir kjærleikssorg blant unge menn framstilt gjennom karakteren Glenn-Tore i dramaserien Rådebank?
Eit av dei overordna måla med dette prosjektet er å sjå det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring i eit norskfagleg, litteraturdidaktisk perspektiv. Knytt til at Fagfornyinga beskriv skjønnlitteratur som ein vesentleg ressurs for å oppfylle dette relativt nye mandatet, ligg det i litteraturdelen av norskfaget eit stort potensial for å aktualisere desse temaa. Den didaktiske delen diskuterer korleis affektbaserte lesingar av sesongen kan byggje opp under livsmeistringstematikken i faget, og korleis dette kan bidra til ei utvida og fordjupa forståing av kjensler og kjenslemessige reaksjonar. Dette blir gjort med utgangspunkt i ein artikkel av Sivertsen (2021). Ved å sjå på korleis kjærleikssorg vert framstilt gjennom filkommunikasjonen og vidare på korleis Glenn-Tore handterer denne sorga, kan elevane frå avstand sjå på korleis andre handterer livet sitt – utan at dei skal granske seg sjølv og si livsmeistring. I dette ligg eit viktig bodskap om å balansere det å ha både nærleik og avstand til dramaseriens innhald. The aim of this study is to examine how heartbreak is portrayed through the fictional character Glenn-Tore in the first season of the drama series Rådebank. The series, which is one of NRK’s most streamed shows of all time, has been acknowledged for shedding light on the mental health of boys and young men. The way it depicts taboo topics such as heartbreak, suicide, personal finances, and finding one’s place has made it appeal to a wide range of audience.
With a foundation in narrative and dramaturgical theory, this study elucidates how Glenn-Tore deals with his internal, emotional needs after being dumped by his girlfriend Ine. The analysis, structured after a dramatic arc, shows that he faces significant challenges in trying to conceal his grief from the world while maintaining the tough and masculine image he has as a member of a car community in Bø. To illustrate how the TV series portrays this aspect, the filmmakers’ various techniques serve as a central analytical tool. The theory of this study is diverse, and the scholarly literature is varied. The methodology of this project is primarily based on narrative theory (Lothe, 2003; Engelstad, 2015), and dramaturgical theory (Harms Larsen, 2005; Evans, 2008, Aristotle, 2019), but other theoretical perspectives are also utilized as a framework.
The research question of this thesis is:
How is heartbreak among young men portrayed through the character Glenn-Tore in the drama series Rådebank?
One of the primary goals of this study is to examine the interdisciplinary theme of public health and life mastery in a literature didactic perspective. Considering that the Norwegian Curriculum describes fiction as an essential resource for fulfilling this relatively new mandate, there is great potential within the literary aspect of the Norwegian subject to address these themes. The didactic part discusses how affect-based readings of the season can contribute to the theme of public health and life mastery, and how this can give students an expanded understanding of feelings and emotional reactions. This is done based on an article by Sivertsen (2021). By examining how heartbreak is portrayed through the film communication and further exploring how Glenn-Tore handles his grief, students can observe how others navigate their lives without scrutinizing their own life mastery. This carries an important message of striking a balance between intimacy and distance from the content of the drama series.