Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorStrømme, Alex
dc.contributor.authorSolem, Synne Holmvik
dc.date.accessioned2023-07-19T17:21:31Z
dc.date.available2023-07-19T17:21:31Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.ntnu:inspera:138897346:35266636
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3080382
dc.description.abstractDenne casestudien har undersøkt ein biologilærars oppfatningar om og erfaringar med utforskande undervisning. Hensikta er å utvikle kunnskap om kva for moglegheiter og utfordringar lærarar opplever i utforskande undervisning, for å forstå kva som kan påverke og avgrense deira handlingsrom. I lærarens planlegging og gjennomføring av utforskande undervisning blei det introdusert to utvalde modellar for å undersøkje korleis dei kunne støtte ho i arbeidet og utfordringane ho møtte: 5E-modellen (Bybee et al., 2006) og modellen for balanse mellom struktur og spelerom (Bjønness & Kolstø, 2015). Studien belyser også korleis Argyris’ handlingsteori (1976; 1997) kan brukast i lærarens kompetanseutvikling innan utforskande undervisning ved enkel- eller dobbelkrinslæring. Studien blei gjennomført ved å intervjue ein biologilærar på vidaregåande skule, og ved observasjon av ei utforskande undervisningsøkt i naturfag på ei yrkesfagleg linje. Loggføring blei også bruka som støtte undervegs i planlegging og gjennomføring av eit utforskande undervisningsopplegg i Biologi 1 på VG2 Studiespesialisering. Funna viser at læraren oppgav ulike moglegheiter og utfordringar i planlegging og gjennomføring av utforskande undervisning. Utforskande undervisning kan auke motivasjon, interesse og kritisk tenking hos elevane, men læraren møter også avgrensingar knytt til elevanes forkunnskapar, eksterne faktorar og behovet for struktur. 5E-modellen og modellen for balanse mellom struktur og spelerom støttar læraren i planlegging og gjennomføring ved å skape struktur i open utforsking. Dei kan også fungere som planleggings- og refleksjonsverktøy. Lærarens handlingsteori påverkast av moglegheitene og utfordringane ho uttrykkjer, som igjen har ein innverknad på handlingsrommet hennar. Det er viktig å være oppmerksam på eigne handlingsteoriar og reflektere over underliggande forhold knytt til utfordringane for å oppnå ønskja konsekvens gjennom enkel- eller dobbelkrinslæring. Læraren i studien viste teikn på båe former for læring i sin kompetanseutvikling. Studien kan gi kunnskap om korleis handlingsteori kan brukast til å utvikle sin eigen eller andre sin praksis, spesielt innan utforskande undervisning.
dc.description.abstractThis case study has examined a biology teacher's perceptions of and experiences with inquiry- based teaching. The aim is to develop knowledge about the possibilities and challenges teachers encounter in inquiry-based teaching, to understand what can influence and limit their room of action. In the teacher's planning and implementation of inquiry-based teaching, two selected models were introduced to explore how they could support her in her work and the challenges she faced: The 5E Model (Bybee et al., 2006) and the model for balancing structure and space (Bjønness & Kolstø, 2015). The study also highlights how Argyris' action theory (1976; 1997) can be used in the teacher's professional development in inquiry-based teaching through single- or double-loop learning. The study was conducted by interviewing a biology teacher at a high school and observing an inquiry-based science lesson in a vocational program. A diary was also used as support during the planning and implementation of an inquiry-based teaching unit in Biology 1 at a general studies program. The findings show that the teacher identified various possibilities and challenges in the planning and implementation of inquiry-based teaching. Inquiry-based teaching can increase students' motivation, interest, and critical thinking, but the teacher also faces limitations related to students' prior knowledge, external factors, and the need for structure. The 5E model and the model for balancing structure and space support the teacher in planning and implementation by providing structure in open inquiry. They can also serve as tools for planning and reflection. The teacher's action theory is influenced by the possibilities and challenges she expresses, which in turn has an impact on her room of action. It is important to be aware of one's own action theories and reflect on underlying conditions related to the challenges in order to achieve the desired consequences through single- or double-loop learning. The teacher in the study showed signs of both forms of learning in her professional development. The study can provide knowledge on how action theory can be used to develop one's own or others' practices, especially in the context of inquiry-based teaching.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleEin biologilærars oppfatning av og erfaringar med utforskande undervisning i lys av handlingsteori
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel