The Making of Neville Chamberlain’s Political Reputation in British Print Culture, 1937-60’.
Abstract
Denne masteroppgåva er ei grundig undersøking av korleis det politiske omdømet til Neville Chamberlain innanfor britisk presse og litteratur mellom 1937 og 1960 vart forma. Til tross for å vere ein sentral politikar i førkrigstida, held forståinga av Chamberlain sitt omdøme fram med å vere avgrensa, ofte overskygga av eposet kring Winston Churchills si leiing. Målet til studien er å vere eit grundig utforska, men alt i alt eit lite bidrag, til korleis vi kan tenkje meir over korleis Chamberlain har blitt sett på i ‘livet og døden’. Gjennom innsikt frå britiske aviser og bøker, kan studien potensielt bidra med ny innsikt til korleis han vert sett på gjennom perspektivet til vanlege folk, og skribentar.
Forskinga baserer seg på eit omfattande utval av primær- og sekundærkjelder, inkludert iaugefallande aviser som The Daily Express, The Daily Mirror, The Observer, og The Manchester Guardian, samt autoritative bøker frå denne tidsperioden. Ved å gjennomføre ein omfattande analyse av dette kjeldematerialet, legg studien fram ein nyansert analyse av utviklinga til Chamberlain sitt omdøme.
Funna viser at det er betydelege variasjonar i framstillinga av Chamberlain i ulike aviser og bøker, som viser alt frå tydeleg støtte, til streng kritikk. Studien viser òg at det var ei minkande offentleg interesse for Chamberlain etter at han døyde, medan fascinasjonen for Winston Churchill heldt fram. Noko som potensielt kan ha påverka dei historiske vurderingane som seinare historikarar har gjort i deira nedskriving av historia. I tillegg avdekkjer studien at Winston Churchill, gjennom si skriving og framstilling av historia, spelte ein betydeleg rolle i skapinga av Chamberlain sitt ettermæle.
Avhandlinga gjev eit bidrag til feltet for studiet av omdøme, ved å forbetre forståinga av korleis Chamberlain sitt politiske omdøme vart forma, gjennom britisk media og bøker. Dette arbeidet gjev òg eit breiare perspektiv på det politiske klimaet i samtida til Chamberlain, og den viser den varige innverknaden som framstillingar i media har på historiske narrativ. Funna som er presentert i studien oppfordrar til vidare forsking innanfor omdømebygging av andre historiske personar, og rolla media har i denne prosessen. This thesis offers an in-depth investigation into the formation of Neville Chamberlain’s political reputation within British print culture between 1937 and 1960. Despite being a pivotal figure in the pre-war era, the understanding of the underlying factors to the formation of Chamberlain's reputation remains incomplete, often overshadowed by the narrative surrounding Winston Churchill's leadership. This study is meant to be a thoroughly researched but ultimately modest contribution to thinking more about how Chamberlain has been seen in life and death through the British media and print cultures, potentially offering fresh insight into Chamberlain's standing during and after his political tenure.
The research draws from an extensive array of primary and secondary sources including notable newspapers such as The Daily Express, The Daily Mirror, The Observer, and The Manchester Guardian, as well as influential books of the era. Employing a comprehensive analysis of this source material, the study provides a nuanced understanding of Chamberlain’s reputation in the eyes of the public and his contemporaries.
The findings reveal significant variations in the representation of Chamberlain across different newspapers and books, ranging from outright support to severe critique, all of which played a part in shaping his public identity. The study also sheds light on the dwindling public interest in Chamberlain following his death, while the fascination with Winston Churchill persisted, potentially influencing the historical assessments of their respective legacies. Moreover, the study exposes that Winston Churchill, through his writing and portrayal of history, played a significant role in the formation of Chamberlain's legacy. This effect is particularly evident in later representations, picturing Chamberlain as weak in contrast to Churchill's heroic depiction.
The thesis offers a valuable contribution to the field of reputational studies, by enhancing the understanding of how Chamberlain's political reputation was shaped in the British media and print culture. This work further offers a broader assessment on the political climate of the time, and the enduring influence of media portrayals on historical narratives. The insights presented in this study can be used as a justification for further exploration into the making of of other historical figures’ reputations and the role of print culture in the process.