"As long as they read": Norwegian School Libraries and the Literary Canon
Abstract
Denne oppgåva tek føre seg korleis ni norske skulebibliotekarar i offentleg vidaregåande skule tenker på samlingsutvikling, og korleis skulebibliotek påverkar danninga av ein litterær kanon. Bibliotek er arenaer for litterær påverknad, og avgjerslene bibliotekarane gjer angåande innkjøp og samlingsutvikling påverkar den litterære kanonen. Dei ni intervjua viser at bibliotekarane har eit brukarbasert syn på samlingsutvikling, der dei fokuserer på å gje elevane tilgang til litteratur dei tykkjer er engasjerande og interessant. Dette er mykje på grunn av søkkande lesevaner blant norske ungdommar. Dette har resultert i veldig ulike samlingar av engelsk skjønnlitteratur, der 78% (2758 av 3536) av titlar berre er å finne i eitt bibliotek. Sjølv om det er bibliotekarane som tek avgjerslene knytt til samlingsutvikling, er dei påverka av fleire faktorar, både innan og utanfor den litterære industrien. Sjølv om bibliotekarane har mykje makt i kanonutvikling, vel dei heller å fokusere på å lage spesialsamlingar tilpassa deira elevar, med litteratur dei likar, og på denne måten dannar dei lokale kanonar. Bibliotekarane er glade så lenge elevane les. This thesis examines how nine Norwegian school librarians in public upper secondary schools think about collection development and how school libraries affect the formation of a literary canon. Libraries are arenas for literary consumption, and decisions related to acquisitions and collection development affect canon formation. The nine interviews show that the librarians have a user-based approach to collection development, where they focus on providing students with the literature they find engaging and interesting. This comes as a consequence of a general decline in young Norwegians’ reading habits. Ultimately, their collections of English fiction are very different, with 78% (2758 of 3536) of titles only appearing in one library. Even though the librarians are the ones who make the decisions of how their collection is developed, they are influenced by many factors, both within the industry and outside. Even though the librarians have much power in canon formation, they choose to focus on creating specialized collections that their students find engaging, thereby creating local canons. Essentially, the librarians are happy as long as the students read.