Pasientmedverknad ved akutt sjukdom – ein metasyntese av pasient- og helsepersonellerfaringar
Chapter
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3069072Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Ein metasyntese syner at pasientmedverknad under akutt sjukdom kan variere frå at pasienten tek autonome val til at pasientane blir møtt med paternalistiske haldningar. Når livreddande behandling må gjennomførast, er det risiko for at helsepersonell må gjennomføre behandling utan samtykke frå pasienten. Då er det fare for at pasienten kan oppleve situasjonen som krenkande. Akutt sjukdom fører ofte til krevjande samhandling mellom pasient og helsepersonell samt at helsepersonell opplever etiske dilemma. Pasientar opplever mangel på informasjon og har behov for samtaler om eksistensielle problem. Behandling ved akutt sjukdom krev særleg aktsemd for at pasienten ikkje skal misse tillit til helsepersonellet.