Pasientmedverknad ved kronisk sjukdom - ein metasyntese
Abstract
Mange menneske lever med kroniske og alvorlege sjukdomar. Denne metasyntesen syner at pårørande si rolle ved kronisk og alvorleg sjukdom ikkje blir anerkjent og dei blir ikkje sett på som ein del av behandlingsteamet. Informasjon og dialog til pasientar og pårørande over tid er eit vilkår for medverknad. Pasientane i palliativ omsorg ønska emosjonell støtte og konkret informasjon om siste fase av livet for å kunne planlegge sin eigen død.