Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSaksvik-Raanes, Gunnhild
dc.contributor.authorHolvik, Sigrid Bergheim
dc.date.accessioned2022-11-17T18:19:32Z
dc.date.available2022-11-17T18:19:32Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.ntnu:inspera:107175740:33145580
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3032657
dc.description.abstractDenne studien har fokusert på det digitale kartleggingsverktøyet, «Talltesten». Hensikta var å finne ut om kartleggingsverktøyet kunne fungere som ein ressurs for lærarar som skal legge til rette for at elevar i førsteklasse utviklar si grunnleggande talforståing. Studien dreidde seg om beskrivingane «Talltesten» gav av elevane si talforståing, og korleis læraren tolka og forstod resultata. Forskingsspørsmålet var: «Korleis kan eit digitalt kartleggingsverktøy beskrive elevar si talforståing med utgangspunkt i FoNS-rammeverket, og korleis tolkar læraren resultata?». Foundational number sense-modellen (FoNS), på norsk: grunnleggande talforståing, utarbeida av Andrews og Sayers (2015), er det teoretiske rammeverket som ligg til grunn for oppgåva. Det teoretiske rammeverket inneheld åtte dimensjonar innanfor matematikk, som til saman utgjer talforståing. Studien har tatt i bruk kvalitative metodar for å finne svar på forskingsspørsmålet. Metodane kartlegging og intervju vart tekne i bruk. Fire elevar i ei førsteklasse gjennomførte kartlegginga «Talltesten». Denne testen er i utvikling som ein del av eit doktorgradprosjekt ved NTNU. «Talltesten» har som formål å beskrive elevar si grunnleggande talforståing. Verktøyet er utforma som eit oppgåvesett med 78 taloppgåver. Elevane i studien gjennomførte oppgåvesettet på nettbrett. Dei utførte oppgåvene ein til ein, med meg til stades. Resultata frå kartlegginga vart automatisk framstilt av programvara. Det vart også gjennomført eit semi-strukturert kvalitativt forskingsintervju med læraren deira. Intervjuet fokuserte på korleis denne førsteklassa har arbeidd for å utvikle talforståing, læraren sitt inntrykk av elevane si forståing for tal, samt ein diskusjon kring elevresultata frå «Talltesten». Intervjuet vart tatt lydopptak av og transkribert. For å systematisere innhaldet og forstå meininga med det som vart sagt under intervjuet, vart det gjort ein tematisk analyse. Det vart teke i bruk ein kombinasjon av induktiv og deduktiv tilnærming til kunnskap. Resultata frå studien viser at læraren opplev at kartleggingsverktøyet gjev ei systematisk og oversiktleg beskriving av elevane si talforståing, med utgangspunkt i FoNS-rammeverket. Testresultata bekreftar læraren si skildring av elevane si talforståing. Ho vil bruke kartleggingsverktøyet som eit formativt vurderingsverktøy for å legge til rette for at elevar får vidareutvikla si talforståing. Ved å ta utgangspunkt i det elevane skåra lågt på, vil ho tilpasse opplæringa etter deira evner og føresetnadar. På den måten meiner ho kartleggingsverktøyet kan bli brukt i utvikling av elevar si grunnleggande talforståing. Sidan dette er ein kvalitativ studie, er resultata basert på akkurat denne læraren si oppleving av «Talltesten». Studien inneheld ein diskusjonsdel kring kartleggingsverktøyet sin validitet. Det vert diskutert om beskrivinga «Talltesten» gjev, faktisk reflekterer elevar si talforståing, eller om det er trugslar som påverkar beskrivingane. Diskusjonen resulterer i at det finst fleire trugslar som kan påverke «Talltesten» sin validitet. Ved å sjå denne studien i samanheng med tidlegare forsking, kan ein konkludere med at lærarar bør bruke «Talltesten» i kombinasjon med andre vurderingskjelder, for å få ei mest mogleg valid beskriving av elevar si talforståing. Nøkkelord: Talforståing, kartlegging, tilpassa opplæring.
dc.description.abstractThis master thesis has focused on the digital assessment tool the “Number Test". The purpose of this study was to see if it could work as a resource for teachers who facilitate so that first grade students develop their foundational number sense. The study was about the descriptions the “Number test" gave of the students' understanding of numbers, and how the teacher interpreted and understood the results. The research question was: "Based on the FoNS-framework, how can a digital assessment tool describe students’ number sense, and how does the teacher interpret the results?". The Foundational number sense model (FoNS), in Norwegian: grunnleggande talforståing, developed by Andrews and Sayers (2015), is the theoretical framework on which the thesis is based. The theoretical framework contains eight dimensions within mathematics, which together constitute number sense. The study has used qualitative methods to find answers to the research question. The methods of mapping and interviews were used. Four first grade students completed the «Number test». This test is under development, which is a part of a PhD-project at NTNU. The purpose of the "Number test" is to describe students' foundational number sense. The tool is made as a set of 78 tasks on numbers. The students participating in the study completed the tasks on a tablet. They completed the tasks one by one, with me present. The results from the assessment were automatically produced by the software. A semi-structured qualitative research interview was also conducted with their teacher. The interview focused on how this first class has worked to develop number sense, the teacher's impression of students' understanding of numbers, as well as a discussion of student results from the "Number Test". The interview was audiotaped and transcribed. In order to systematize the content and understand the meaning of what was said during the interview, a thematic analysis was performed. A combination of inductive and deductive approaches to knowledge was used. The result from the study shows that the teacher experiences that the assessment tool provides a systematic and clear description of the students' number sense, based on the FoNS-framework. The test results confirm the teacher's description of the students' number sense. She will use the tool as a formative assessment tool to further develop the students' number sense. Based on what tasks the students scored low on, she will adjust the teaching to the students’ abilities and predispositions. In this way, she thinks the assessment tool can be used in the development of students' foundation number sense. Since this is a qualitative study, the results are based on this specific teacher's experience of the "Number Test". The study contains a section which discusses the validity of this tool. The discussing is about whether the description the "Number test" gives, actually is a clear reflection on the students' number sense, or whether there are threats that affect the descriptions. The discussion results in there being several threats that can affect the validity of the "Number Test". By looking at this study in relation to previous research, one can conclude that teachers should use the "Number Test" in combination with other sources of assessment, to get the most valid description of students' number sense. Keywords: Number sense, assessment, adapting training.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleUtvikling av elevar si grunnleggande talforståing
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel