Show simple item record

dc.contributor.advisorDahl, Thomas
dc.contributor.authorDypevik, Ingvill Rabben
dc.contributor.authorHakestad, Magnhild
dc.date.accessioned2022-10-01T17:19:15Z
dc.date.available2022-10-01T17:19:15Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.ntnu:inspera:116464037:55610240
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3023038
dc.description.abstractSkuleeigar sitt ansvar for utvikling av kvalitet i skulen er blitt aktualisert dei seinare åra, og mykje tyder på at det i stor grad er ei styrings- og implementeringstenking som har råda grunnen når det gjeld slike utviklingsprosjekt. Forskingslitteraturen er derimot prega av andre måtar å tenke endring og utvikling, og her kjem profesjonslogikk, medverknad, samskaping og ikkje minst translasjonsteori sterkare inn. Vi har undersøkt kva skuleeigar kan ha å seie når det gjeld utvikling og endring av praksis i skulen. Vi har tatt utgangspunkt i eit sentralt initiert skuleutviklingsprosjekt og brukar det som case. Casen i vår studie har med seg fleire styringsdokument og rapportar, som vi brukte som datagrunnlag for å utarbeide problemstilling og forskingsspørsmål og velje teoretisk innfallsvinkel til studien. Hovudproblemstillinga for studien blei: Kva kan eit utviklingsprosjekt initiert av skuleeigar ha å seie for utvikling og endring av praksis i skulen? For å finne svar på problemstillinga gjennom teori og metodisk inngang sette vi opp desse forskingsspørsmåla: • Kva for aktørar blir involverte i eit skuleutviklingsprosjekt? • Kva for rolle spelar dei ulike aktørane i skulen i eit slikt prosjekt? • Kva for logikkar kjem til uttrykk hjå ulike aktørar? • Kva for rolle spelar kompetanse for kommunikasjon og målforståing mellom dei ulike nivåa i eit utviklingsprosjekt? Sidan prosjektet var eit utviklingsprosjekt initiert av skuleeigar, var det naturleg å ta utgangspunkt i teoriar om styring og profesjonslogikk. New Public Management eller målstyring er tatt med som eitt av fleire teoretiske rammeverk, og er sett opp mot den profesjonslogikken som gjerne pregar aktørane i skulen. Vi har også trekt inn samskapt læring som eit teoretisk perspektiv på profesjonsfagleg organisasjonsutvikling som står i motsetnad til teori om styring. Aktør-nettverksteori er valt som teoretisk rammeverk, metodisk inngang og som del av analysestrategien i oppgåva. I samband med ANT var det sentralt å trekke inn translasjonsteoretiske perspektiv på endring og utvikling. ANT gav ikkje berre eit teoretisk rammeverk, men samstundes nokre metodologiske føringar for studien. Derfor valde vi ein case som forskingsdesign, for å kunne følgje aktørane og får fram eit heilskapleg bilete av kva som rører seg i eit utviklingsprosjekt. Kvalitative intervju fekk fram data frå aktørar på ulike nivå i prosjektet, frå skuleeigar via skuleleiar til lærarar. Intervjua blei supplert med nokre sentrale styringsdokument og rapportar. Datamaterialet vart så analysert på bakgrunn av forskingsspørsmål og ANT-optikk. Resultata frå analysen vart formidla narrativt som ei kronologisk forteljing om casen, deretter beskreiv vi dei sentrale aktørane ut frå ein ANT-optikk og synleggjorde nokre av nettverka gjennom nettverksmodellar. Deretter er resultatet drøfta i lys av teoriane. Vi har sett at skuleeigar som utviklingsaktør må ta høgde for kva for logikkar som kan kome i spel i eit utviklingsprosjekt. Ein må vere merksam på å ikkje bli fanga i ein styringslogikk og involvere alle aktørane på ein god måte. Ein må anerkjenne at alle aktørar har ei rolle som kan bli påverka av eit utviklingsprosjekt. Dei som skal gjennomføre eit utviklingsprosjekt må ha tilstrekkeleg kompetanse til å gi rom for medverknad og samskaping i tråd med den nordiske modellen. Skuleleiinga får då ei sentral rolle, for at den ønskte endringa skal skje. For lærarane kan ein sterk styringslogikk føre til motstand mot endringar, og ein risikerer at ein vender tilbake til gamal praksis etter at prosjektet er over. Dersom ny praksis skal etablerast og stabiliserast, må nokre føresetnader vere på plass, og nokre gonger må det kanskje styring til.
dc.description.abstractSchool authorities’ responsibility for quality development in schools has become increasingly relevant in recent years. Ideas of management and implementation seem to have prevailed when it comes to introducing new ideas and development projects, even though research in this field is dominated by other ways of thinking about change and development. Professional capital, participation, collaborative practice, and translation theory are keywords here. The topic of this thesis is what significance school authorities can have when it comes to the development and change of practice in schools. It is based on a case study of a school development project, initiated by a school owner. The case includes several documents and reports, which we used as a starting point for our problem question and research questions, as well as theoretical approach to the study. Problem question: What can a development project initiated by school owners have to say for the development and change of school practice? To find answers to the problem question through theory and methodological approach, we set up these research questions: • What actors are involved in a school development project? • What role do the various actors in the school play in such a project? • How are theories of management and professional capital expressed by different actors? • What role does competence play in communication and goal understanding between the different levels in a development project? As this was a development project initiated by the school owner, we included theories of management and professional development. New Public Management is included as a theoretical framework and contrasted to the professional capital and typically autonomous mindset of teachers. We have also included collaborative learning as a theoretical perspective on professional organizational development, contrasted to the theory of management. Actor-network theory is chosen as the theoretical framework, methodological approach and as a strategy for analysing data. In connection with ANT, it was important to draw on translation theory perspectives on change and development. ANT not only provided a theoretical framework, but at the same time some methodological guidelines for the study. Therefore, we chose case study as a research design, in order to be able to follow the actors and present an overall picture of what is going on in a development project. Qualitative interviews obtained data from actors at different levels in the project, from school owners via school leaders to teachers. These data were supplemented with document analysis of some key documents and reports. We then analysed data on the basis of the research questions and ANT optics. The results from the analysis were initially conveyed as a chronological narrative account of the case. Next, a survey of the key actors was set up, and the key actors’ networks were visualized through network models. The results are then discussed in light of the theoretical perspectives. We have seen that school owners as a development actor risk being caught in a governance mindset, if one does not consider carefully how to involve all the actors. One must recognize that all actors have a role in a development project. Those who are to carry out a development project must have sufficient competence to allow for participation and co-creation. The school management will then have a central role in ensuring that the desired change of practice takes place. For teachers, such a strong governance mindset can lead to resistance to change, and there is a risk that one will return to old practices after the project is over. If new practices are to be established and stabilized, some preconditions must be in place, and sometimes management may be needed. 
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.title"Nokon må gjere noko - og kor er nokon?" Ein aktør-nettverksteoretisk studie av eit utviklingsprosjekt i skulen
dc.typeMaster thesis


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record