Bruk av kamera som relativ posisjonsmålar på DP-fartøy
Abstract
Denne rapporten omhandlar bacheloroppgåva: "Bruk av kamera som relativ posisjonsmålar på DP-fartøy", gitt av Rolls-Royce Marine og Høgskolen i Ålesund. Hensikta med oppgåva er å utvikle eit hjelpeverktøy for kvalitetssikring av avstandsmåling for bruk under DP-operasjonar. Eit enkelt og rimeleg, men likevel nøyaktig, verktøy der avstanden vert målt ved hjelp av to kamera. Målet med prosjektet var å kunne trekke ein konklusjon om eit slikt verktøy er mogleg å lage, basert på det teoretiske grunnlaget utarbeida i dette prosjektet. Resultatet syner at ein med stereokamera kan oppnå ønska presisjon til ein lav kostnad. I eit testoppsett med målingar opp til 200 meter låg alle målingane innanfor kravspesifikasjonene. Mindre enn 0.5% avvik opp til 100 meter og mindre enn 1.0% opptil 200 meter. Med det teoretiske grunnlaget og funksjonane som er utvikla kan ein generere spesifikasjonar nødvendig for å få eit stereo-oppsett med ønska presisjon og rekkevidde. Rapporten inneheld nødvendig bakgrunnsteori, metodar som er brukt, resultatet som er oppnådd, samt ei drøfting av metodane og resultatet og til slutt ein konklusjon. I tillegg ligg kjeldekode for alle dei utarbeida funksjonane vedlagt saman med framdriftsrapportar og møtereferat gjennom prosjektet.